Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Snorklipping for det nye lektorsenteret på UiB

Måndag 14. mars vart det nye lektorsenteret ved UiB offisielt opna. – Eg har tru på at lektorsenteret er akkurat den biten som har mangla for å kunne sørgje for ei betre og smidigare koordinering av lektorutdanningane, sa prorektor ved UiB, Pinar Heggernes.

Prorektor Pinar Heggernes var den som fekk æra av å opne det nye lektorsenteret i Langes gate 3.
Prorektor Pinar Heggernes var den som fekk æra av å opne det nye lektorsenteret i Langes gate 3.
Photo:
Ragnhild Osnes Legreid, UiB

Main content

Det nye lektorsenteret ved UiB vart opna med brask og bram saman med tilsette, studentar og gjestar frå fylket, Bergen kommune og praksisskulane, måndag 14. mars.

Det var prorektor Pinar Heggernes som fekk æra av å klippe den raude snora inn til lokala i Langes gate 3 (Studieavdelinga) som no skal huse det nye senteret.

– Eg er uendeleg stolt over å ha eit fysisk lektorsenter på plass i dag, og eg har tru på at lektorsenteret er akkurat den biten som har mangla for å kunne sørgje for ei betre og smidigare koordinering av lektorutdanningane. Med senteret på plass, og gjennom den redesign-prosessen som vi allereie er i gang med, er eg sikker på at UiB får den beste lektorutdanninga i heile Norge, sa ein engasjert Heggernes under opninga.

Samarbeidsarena og møteplass

Det vart vedtatt å etablere eit eige lektorsenter under Universitetsstyremøte 17. juni i fjor. Bakgrunnen for vedtaket var mellom anna eit behov for sterkare koordinering av lektorprogramma ved UiB.

Ambisjonen er at lektorsenteret skal bli ein samarbeidsarena og møtestad for dei i utgangspunktet fakultetsvise og disiplinbaserte lektorprogramma ved universitetet.

– Lektorsenteret skal vere ein arena for samarbeid for dei som underviser disiplinfag, didaktikk og pedagogikk. Det skal vere ein stad kor lektorstudentane kan møtast og utvikle eit profesjonsfagleg fellesskap på tvers av disiplinane, sa Heggernes vidare.

Ein konkret start

Leiar for Fagutvalget for integrert lektorutdanning (FIL), Kjetil Eraker Storli, var også invitert til å tale for forsamlinga. FIL er bindeleddet mellom lektorstudentane ved UiB og dei ulike fakulteta.

– Dei siste åra har det vore utforma fleire rapportar som skildra litt udefinerte problem knytt til lektorutdanninga ved UiB. No er eg glad for at lektorsenteret er på plass, noko eg trur vil vere ein veldig konkret start på å løyse dei problema som måtte ligge der, sa Storli.

Redesign av utdanningsprogramma

Etableringa av lektorsenteret skjer parallelt med eit større redesign-prosjekt, som er ein gjennomgang for å sjå på korleis dei ulike lektorprogramma kan organiserast betre.

Professor i nordisk fagdidaktikk, Endre Brunstad, er både konstituert leiar for lektorsenteret og leiar av redesign-prosjektet.

– I prosjektet ser vi på korleis vi kan endre på rekkefølgja på nokre av elementa i utdanninga, mellom anna for å unngå kollisjonar mellom undervisning og praksis. Målet er å styrkje samanhengen mellom disiplinfag, profesjonsfag og praksis i lektorutdanninga, seier Brunstad.

Redesign-prosjektet starta arbeidet sitt i fjor haust og er godt i gong. No når også det nye lektorsenteret har opna, meiner Brunstad at mykje ligg til rette for eit betre samarbeid mellom UiB og praksisfeltet, og ei sterkare oppleving av fagleg samanheng i profesjonsutdanninga.

– Vi på senteret kjem til å invitere til ulike arrangement, men eg tenkjer at sjølve lokala også kan bli ein stad der ein kan treffe andre som er knytt til lektorutdanninga ved universitetet, seier Brunstad.

Lektorsenteret er ei prøveordning som skal evaluerast etter ei periode på to år.

Les meir om mandatet frå Universitetsstyret her.