Møt opp til innspelsmøte om ny UiB-strategi
Arbeidet med å utarbeide ein ny overordna strategi for Universitetet i Bergen er i gang. – Det er svært viktig at både tilsette og studentane sine stemmer vert høyrde når retninga vår skal stakast ut, seier rektor Margareth Hagen.
Main content
Universitetet sin noverande strategi «Kunnskap som former samfunnet» varer ut i 2022, og no startar arbeidet med å utforme ein ny strategi for åra 2023 til 2030.
Undervegs i strategiprosessen vil det bli tatt initiativ til fleire tiltak for at studentar og tilsette i organisasjonen skal kunne ta del i prosessen og kome med sine innspel. No inviterer universitetsleiinga til ei innspelsmøte fredag 25. mars.
Les meir om innspelsmøtet her.
Rektor Margareth Hagen håper at så mange som mogleg vil vere med på møtet.
– No er det viktig at studentar og tilsette bruker moglegheitene dei har til å delta i universitetsdemokratiet, slik at dei kan vere med på å forme kva slags retning Universitetet i Bergen skal ta i åra som kjem, seier Hagen.
Universitetet sitt viktigaste verdidokument
Universitetet sin overordna strategi skal seie noko om institusjonen sine verdiar, mål og planer for dei åra den gjeld, og er såleis eit av UiB sine viktigaste verdidokument.
– Strategien vår skal spegle kva slags rolle vi vil at UiB skal ha i samfunnet, og den skal verne om dei grunnleggande verdiane som universitetet har. Den skal også seie noko om kva slags retning vi ønsker å utvikle oss i som eit forskingsintensivt breiddeuniversitet, og kva slags ambisjonar vi har for kunnskapen vi skal skape. Det er svært viktig at både tilsette og studentane sine stemmer vert høyrde når retninga vår skal stakast ut, seier Hagen.
Arbeidet med strategien vil bli leia av prorektor Pinar Heggernes, med Universitetsdirektøren sitt kontor som sekretariat.
I tillegg til innspelsmøter med studentar og tilsette, er det lagt opp til besøk på fakultet- og instituttnivå og innhenting av innspel frå eksterne samarbeidspartnarar.