Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
UTDANNING

Utdanningstilbod innan musikkterapi / musikk og helse

Kunnskapsklynga Polyfons visjon er at helseressursen musikk skal vere tilgjengeleg for alle, med musikkterapi til alle som ønskjer og treng det og aktiv styrking av musikk som folkehelseressurs i lokalsamfunnet.

Illustrasjonsbilde tromming
Musikkterapistudiet er den profesjonsutdanninga i Noreg som spesifikt integrerer områda musikk og helse, men temaet musikk og helse er relevant i fleire ulike profesjnsutdanningar, som delemne, velemne eller etter- og vidareutdanning.
Photo:
Utdanningsavdelinga, UiB

Main content

I arbeidet med å realisere visjonen skissert i ingressen, arbeider kunnskapsklynga med konkrete delmål knytt til tenesteutvikling, forsking, utdanning og formidling. Her gjev vi eit oversyn over utdanningstilbod innan musikkterapi / musikk og helse ved dei utdanningsinstitusjonane som er knytte til Polyfon-samarbeidet på ulike måtar: 

Ph.d.-utdanning i musikkterapi

Ph.d.-utdanning i musikkterapi er etablert både ved Norges musikkhøgskole (NMH) og ved Griegakademiet (UiB).

Profesjonsutdanning i musikkterapi

I Noreg, som i dei fleste europeiske land, er master i musikkterapi det grunnleggjande kompetansenivået for musikkterapeutar. For å bli musikkterapeut, må du altså ha studert fem år på universitetsnivå.

Bachelor i musikk og helse

Ein bachelor i musikk og helse kan kvalifisere til opptak på masterstudiet i musikkterapi ved Norges musikkhøgskole, i tillegg til ulike musikkvitskaplege mastergradar. Ein kan også søkje om innpass ved det femårige, integrerte masterstudiet ved Griegakademiet, UiB.

Delemne, valemne og vidareutdanningstilbod innan musikk og helse

Kunnskap om musikk som helse er relevant også for deg som ikkje vel å ta ei profesjonsutdanning i musikkterapi, både fordi det gjev ny forståing og nye reiskapar og fordi det byggjer grunnlag for tverrfagleg og tverrprofesjonelt samarbeid.