Home
Research Group for European Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Reisebrev fra Oslo

Forskargruppa har delteke på felles seminar i Oslo med Senter for Europarett ved UiO

deltagerne er avbildet rundt middagsbordet
Photo:
UiB

Main content

Forskargruppa for europarett har vore på tur til Oslo for å møte europarettsmiljøet ved UiO, og delta på eit fellesseminar i europarett for UiO og UiB. Også UiT var representert ved førsteamanuensis Martin Hennig. 

Første seminardag – torsdag 21. april – innehaldt eit variert program med sentrale europarettslege emne. Seminardagens første del handla om samspelet mellom EU-systemet og EØS-systemet. Andre del omhandla homogenitetsprinsippet i EØS. Vidare handla tredje del om etterverknadar av NAV-skandalen. Fjerde og siste del handla om konkurranserett. Blant dei som haldt føredrag på første seminardag, var UiBs Ingrid Barlund, Halvard Haukeland Fredriksen og Christian Franklin. Etter fleire gode føredrag og diskusjonar vart dagen avslutta med ein hyggjeleg middag på Rodins Bistro & Bar. 

Neste seminardag opna med nokre fagspesifikke sesjonar. Mellom anna haldt UiBs Melanie Hack og Lilia Oprysk føredrag om høvesvis EU si sosiale søyle som katalysator for «work-life balance», og EU-domstolen si avgjerd i «Bild-Kunst»-saka. Neste på programmet var stipendiatframlegg, der mellom anna UiBs Marte Dahl Reisæter, Eivind Marienborg og Håvard Holsen presenterte sine prosjekt. 

Forskargruppa for Europarett takkar med dette Senter for europarett ved UiO og alle deltakande for eit strålande seminar. Vi gler oss til neste gong!