Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Kommunalt sjølvstyre i arealplanlegging: jus eller politikk?

Siv Elén Årskog Vedvik disputerer 24.5.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Motsegn".

Main content

Plan- og bygningslova legg i utgangspunktet kompetansen til å vedta kommunale planar, og dermed til å prioritere ulike interesser i arealplanlegging mot kvarandre, til kommunestyret. Samtidig gir lova statlege og regionale organ ansvar for å fremje motsegn (innsigelse) til kommunane sine planforslag dersom planen reiser spørsmål av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Klarar ikkje kommunen og motsegnsorganet å bli einige, blir kompetansen til å gjere endeleg planvedtak flytta frå kommunen til Kommunal- og distriktsdepartementet. Då er det staten, og ikkje kommunen, som gjer dei endelege avvegingane og prioriteringane, og bestemmer om planen skal bli vedteken.

Motsegnsystemet – som flyttar makt frå kommune til stat – set rammene for det kommunale sjølvstyret i arealplanlegging på spissen, og er derfor eit tilbakevendande tema for debatt. Men har vi klare rettslege rammer for staten sin kompetanse til å gripe inn, eller er graden av kommunalt sjølvstyre i motsegnsystemet berre eit spørsmål om politikk?

Avhandlinga ser nærare på korleis motsegnsystemet vernar om retten til kommunalt sjølvstyre, men også på kvar grensa går for å bruke omsynet til kommunalt sjølvstyre som argument for å setje til side nasjonale interesser. Søksmålsretten som kommunane fekk i 2018 aktualiserer vidare spørsmålet om kva rolle domstolane kan spele i saker der tvisten står mellom lokalt og nasjonalt forvaltningsnivå. Avhandlinga ser derfor også på rammene for domstolane sin kompetanse, og gir råd om korleis dei kan nærme seg ulike grunnlag for å kjenne ei motsegn eller eit vedtak i motsegnsak ugyldig.

Personalia

Siv Elén Årskog Vedvik (f. 1984) er utdanna jurist med mastergrad frå Universitetet i Bergen i 2009. Ho har bakgrunn som advokat i Harris Advokatfirma, og er no tilsett ved Det juridiske fakultetet, UiB. Avhandlinga vart til medan Vedvik var stipendiat ved UiB, og er ein del av GOVLAND-prosjektet, som er finansiert av Noregs forskingsråd. Rettleiar i avhandlingsarbeidet har vore professor Ingunn Elise Myklebust.