Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Meta-analyse – ei løysing på replikasjonskrisa?

Amanda Kvarven disputerer 17.6.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "Economics of Science: Publication Bias and Meta-Analysis' Use as a Possible Corrective".

Main content

Når forskarar freistar å gjenta studiane til andre forskarar, kjem den nye studien til same konklusjon som den fyste i omkring halvparten av tilfella. Med andre ord er det 50/50 om den fyste studien har funne eit robust og reelt resultat. Denne situasjonen, kalla replikasjonskrisa, svekker vitskapens truverde og pålitsgrad, og er gjerne den støste utfordinga som møter samfunnsvitskapen i dag.

Denne avhandlinga freistar å undersøkje om meta-analyse kan nyttast til å bøte på desse problema, og om meta-analyse dermed er ein metode som kan nyttast for å rette opp att tillita til forsking. Meta-analyse er sett på som gullstandarden for oppsummering av vitskap og er anbefalt for bruk ved politiske avgjerder. Jamvel er det gjort lite forsking på validiteten til metoden.

Forskinga som er presentert i denne avhandlinga indikerer at meta-analysar har store svakheiter. For det fyste gjer meta-analysar estimat som er nesten tre gongar så store som estimat frå replikasjonar på same tema. Dette tyder på at meta-analyse overdriv dei faktiske effektane, og ofte førar til at forskarar konkluderer med at det er ein effekt, når det i realiteten ikkje er ein. Vidare gjer justeringsmetodar som er designa for å justere for denne type systematiske feil i meta-analyse lite for å bøte på problemet, og kan til og med justere analysar som ikkje treng justering. Samla sett bør ein difor nytte skjønn når ein skal nytte resultat frå meta-analyse til dømes til politiske avgjerder eller vidare forsking.

Personalia

Amanda Kvarven (f. 1994) fullførte profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi ved Universitet i Bergen i 2017. Doktorgradsarbeidet er utført ved Institutt for Økonomi ved Universitet i Bergen der ho har vore stipendiat. Professor Sigve Tjøtta ved Universitetet i Bergen er hovudrettleiar, medan professor Anna Dreber Almenberg ved Handelshøgskulen i Stockholm har vore birettleiar.