Musikkterapi - kva er det?
Akkurat der blei dei nok litt klokare på BUP Haugesund. 50 av dei var for ikkje lenge sidan samla til fagdag om akkurat det. Arrangementet var støtta av Polyfon.
Main content
Ein tverrfagleg gjeng frå døgnpost og poliklinikk var på plass.
– Vi vil vekke nysgjerrighet rundt og spreie kunnskap om musikkterapi som nytt behandlingstilbod på BUP, seier musikkterapeut Kaja Linder Henriksen.
Ho og musikkterapeutkollega Olaug Lie Sandve er svært nøgde etterpå:
– Dette har vi gleda oss til. Stemninga i salen var god, med fengslande foredragshaldar, dopaminframkallande metodikkeksempel, praktiske øvingar, og strålande sol og 18 grader i pausane.
Suksess på 1, 2, 3 og 4 ♫
Tilbakemeldingane på dagen er gode.
– Fagdagen inspirerte meg til å løfte blikket og sjå heile bilete når det gjeld behandlingstilbod, sa Ingvild Støle-Hansen. Ho er miljøterapeut på døgnpost for barn.
Hanna Sofie Malmstedt, sosionom ved poliklinikken, er einig.
– Musikkterapi var eit nytt fagfelt for meg, eg trudde det mest gjekk ut på å drive behandling gjennom musikk. Etter fagdagen fekk eg innsikt i kor innhaldsrikt det kan vere og på kor mange ulike måtar det kan brukast på, ikkje berre i behandling, men også i utgreiing og saker der vi møter motstand frå barnet eller ungdommen.
Og fortsett:
– Eg fekk også lære om ulike måtar å implementere musikk og rytme i utgreiinga for å skape relasjon til den som er føre meg.
Eit strålande eksempel frå Førde
Dagens hovudperson var Gunn Karoline Fugle. Ho har 20 års erfaring som musikkterapeut ved BUP Førde. Stikkord var forsking på musikkterapifeltet, historier frå eigen praksis og erfaring med tverrfagleg samarbeid.
På BUP Førde samarbeider ho blant anna med psykiater og dramaterapeut om ei gruppe på døgnposten tilpassa barn og unge med komplekse traume.
Ein suksess
Musikkterapeutane er strålande nøgd med responsen etter dagen.
– I etterkant har vi blitt kontakta av behandlarar som ser moglegheiter for tverrfagleg samarbeid, seier Linder Henriksen.
Det må vel vere suksess.
Vegen vidare
Etter eit spennende år med implementeringsarbeid, gir Olaug og Kaja no stafettpinnen videre. Dei to halve stillingane blir slått saman, og BUP Haugesund lyser i skrivande stund ut 100 % fast stilling som musikkterapeut. Tar du utfordringa? Meir informasjon om stillinga finn du her.
Les meir om musikkterapitilbodet i Helse Fonna her.
Teksten er henta frå Helse Fonna sine intranettsider. Oppretta av Eirik Dankel. Seinare redigert av Magne Kydland og Kaja Linder Henriksen.
Fagdagen har motteke støtte frå Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi.