Samarbeid mellom Alrek og Polyfon
Alrek helseklynge skapar innovative helse- og omsorgsløysingar for heile mennesket. Med forankring i FNs berekraftsmål, skal klyngene Alrek og Polyfon byggje tverrfagleg samarbeid om m.a. brukarmedverknad, samskaping og folkehelse.
Main content
«Alrek helseklynge skaper innovative helse- og omsorgsløsninger for hele mennesket, ved hjelp av fremragende forskning og utdanning, fullverdige praksisarenaer og tverrfaglig samhandling.» Slik presenterer helseklynga Alrek seg på sine eigne nettsider.
Samarbeidspartnarane i Alrek helseklynge er: Bergen kommune, Høgskulen på Vestlandet, Folkehelseinstituttet, Haraldsplass Diakonale Sykehus, NORCE Helse, Vestland fylkeskommune, Helse Bergen og Universitetet i Bergen. Det er Universitetet i Bergen som koordinerer samarbeidet i helseklynga.
Klyngene Alrek og Polyfon har altså mange felles samarbeidspartnarar. Når det gjeld tematikk og arbeidsmåtar er det både overlapp og skilnader. Det same gjeld organisering og geografi. Dette er eit godt utgangspunkt for samarbeid.
Alrek helseklynge og kunnskapsklynga Polyfon signerte ein samarbeidsavtale i juni 2022, for å styrke samhandling mellom akademia, helsetenestene og kultursektoren. Intensjonen er at Alrek og Polyfon saman skal gje positive bidrag for betre folkehelse og realisering av FNs berekraftsmål.
Vi i Polyfon er veldig glade for dette samarbeidet. For musikkterapifeltet er det viktig å kunne samarbeide godt med dei sterke fagmiljøa i Alrek helseklynge, og det er også mange tematikkar som er felles for dei to klyngene, som arbeid med folkehelse, berekraft og brukarmedverknad.
Samarbeidsavtalen skisserer m.a. følgjande samarbeidsområde:
- Byggje tettare samarbeid om brukarmedverknad, tverrfaglege tiltak, samskaping og berekraft til det beste for innbyggjarane
- Utvida nettverk for forskarar, kommunar, helseføretak og kultursektor
- Utvikle og delta i nasjonale og internasjonale forskings-, utdannings- og innovasjonsprosjekt
- Gjennomføre felles aktivitetar til interesse for fagmiljøa i begge klyngene
Samarbeidet er ikkje avgrensa til desse punkta, men kan utvidast og utviklast etter kvart som nye behov oppstår.