Home
Department of special collections 

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Språksamlingane

Målføre og dialektologi

Det dialektologiske materialet etter Norsk Målførearkiv er del av Språksamlingane. Materialet er viktig for forskinga i norske dialektar. Det vart nytta ved utarbeidinga av Norsk Ordbok. Materialet er også viktig som empirisk grunnlag for det normerande ordboksarbeidet med norsk språk.

Main content

Norsk målføresynopsis (1946-1970)

Norsk målføresynopsis består av 43 band med systematisk informasjon om dialekttrekk og gjev til saman eit komplett bilete av dei tradisjonelle dialektane frå heile landet. Protokollane inneheld opplysningar om lyd- og formverket til over 1300 ulike dialektar, og for kvar av desse finst det omtrent 1800 ord‐ og bøyingsformer. Protokollane består av handskrivne oppføringar, og er utforma om lag som eit rekneark med dialektar langs eine aksen og språktrekk langs den andre. Oppstillingsmåten komprimerer datamaterialet og inneheld mykje informasjon på liten plass.

Utvalet og systematiseringa av orda som målføresynopsisen tar utgangspunkt i, stammar frå Johan Storms «Kortere ordliste med Forklaring av Lydskriften» (1884). Ordlista vart i si tid sett saman som ein reiskap til kartlegging av dei viktigaste norske dialektdraga, og lista har eit systematisk oppsett av ordformer, ordna i paragrafar innanfor dei to bolkene «lydlære» og «formlære». Målføresynopsisen er ordna etter desse paragrafene, og datamengda er i hovudsak gjengjeve med lydskrifta norvegia, som også vart utvikla av Storm. Dermed vart alle synopsisprotokollane organiserte likt med informasjon om dialekttrekk som gjev oss eit dekkjande bilete av dialektanes fonologi og morfologi hundre år tilbake i tid. Som sagt ovanfor, dekkjer protokollane alle fylka i landet, og kvart fylke er også delt inn etter herad. Slik sett er målføresynopsisen både ein nasjonal, regional og lokal dokumentasjon på dialektmangfaldet i landet vårt.

1. desember 2022 vart målføresynopsisen tatt inn i registeret til Norges dokumentarv av Den norske UNESCO-kommisjonen.

Norsk dialektatlas

Norsk dialektatlas er ei samling på 961 kart med isoglossar for norske målføre, teikna for hand i perioden 1950-1980 på Målførearkivet, UiO. Kartsamlinga var opphavleg tenkt som ei visualisering av Målføresynopsen. Alle karta er skanna og kan søkast opp via eit grensesnitt utvikla av EDD (mykje på same måten som sidene i Målføresynopsen). Alle karta er digitaliserte og georefererte, og protokollane er skrivne inn og er søkbare. Grensesnittet no gir visse mogleikar til å søke opp større kategoriar knytte til ulike språklege eller ikkje-språklege emne. Dialektkarta er i hovudsak språkhistorisk innretta. Det finst òg ein del ordgeografiske kart som har grunnlag i arbeida til Oskar Bandle og andre.

Talemålsarkivets registrant

Lydbandopptaka frå Norsk målførearkiv er digitaliserte gjennom eit prosjekt gjennomført av DOK (EDD) og ILN med støtte frå Kulturrådet i perioden 2001-2005.Transkripsjon og tilgjengeleggjering av dei resterande lydopptaka i Norsk målførearkiv er ein del av det store NFR-finansierte infrastrukturprosjektet Language Infrastructure made Accessible (LIA), styrt frå Tekstlaboratoriet. Talemålsarkivets registrant gir fin oversikt over Norsk målførearkivs lydopptak.