Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
HØYRINGSSVAR TIL NOU 2023:4 TID FOR HANDLING

Nye tider, nye helseressursar

NOU 2023:4 Tid for handling er basert på Helsepersonellkommisjonens arbeid. Høyringssvaret til kunnskapsklynga Polyfon fokuserer på det vi vurderer som mangelfull utgreiing av potensialet i mobilisering av nye helseressursar i møte med framtidas utfordringar.

NOU 2023:4 Tid for handling Høyringssvar
Polyfons høyringssvar fokuserer på potensialet i mobilisering av nye helseressursar i møte med framtidas utfordringar for tenestene
Photo:
Skjermdump

Main content

Høyringssvar til NOU 2023: 4 Tid for handling 

Kunnskapsklynga Polyfons høyringssvar fokuserer på det vi vurderer som ei mangelfull utgreiing av potensialet i mobilisering av nye helseressursar i møte med framtidas utfordringar for tenestene:

Effektivisere, men også mobilisere

Helsepersonellkommisjonens mandat har vore å etablere eit kunnskapsgrunnlag for treffsikre tiltak for å kunne utdanne, rekruttere og behalde kvalifisert personell i helse- og omsorgstenestene i heile landet. Dette for at samfunnet skal kunne å møte noverande og komande utfordringar, særleg knytt til sannsynleg utvikling innan demografi og økonomi. Med dette utgangspunktet er vurderinga vår at kommisjonen har gjort eit grundig arbeid med fokus på korleis ein kan effektivisere helsehjelpa, gjennom t.d. prioritering, organisering, samhandling og oppgåvedeling.

Samstundes er vurderinga vår at kommisjonens arbeid har klare manglar når det gjeld utgreiing av korleis ein kan mobilisere nye ressursar i helsearbeidet. Kommisjonen fokuserer nokså einsidig på mobilisering av nye ressursar gjennom bruk av teknologi. Det er ikkje gitt noko kunnskapsgrunnlag som kan grunngje eit slikt mangelfullt fokus på andre helseressursar, som t.d. kunst og musikk. Dette trass i at WHO i fleire samanhengar har peika på behovet for å ta denne type ressursar meir på alvor i helse- og omsorgstenestene.

Oppgåvedeling og omstilling av tenestene

Vi deler kommisjonens vurdering av at oppgåvedeling i helsearbeidet startar med folkehelsearbeid, førebygging, tidleg innsats, helsefremmande arbeid og styrking av folks helsekompetanse (jf. pkt. 8.3). Kommisjonens drøfting av desse spørsmåla får etter vår vurdering likevel ei slagside, då tiltak for å utsetje og redusere behovet for (tradisjonelle) helse- og omsorgstenester nokså konsekvent vert omtala som noko som skjer utanfor tenestene sjølve. Vi er einige i at tyngda av slike tiltak vil skje utanfor helse- og omsorgstenestene, men meiner at ein del av den nødvendige omstillinga av tenestene vil vere at ein også i større grad enn tidlegare byggjer kompetanse og organiserer seg slik at tenestene aktivt kan arbeide for å mobilisere nye helseressursar hjå individ og lokalsamfunn.

For systematisk bruk av musikk som helseressurs, vil det då både handle om skulering av helsepersonell om bruk av musikk som omsorg og miljøbehandling og om systematisk implementering av musikkterapi, der evidensgrunnlag og retningslinjer tilseier det. Musikkterapeutar har ei femårig utdanning på universitetsnivå, med kompetanse både for helsefremmande arbeid i lokalsamfunnet og for behandling i helsetenestene. Med utgangspunkt i dei erfaringane helsetenestene allereie har med implementering av musikkterapi, vil vi i det følgjande konkretisere argumentet i avsnittet over:

Musikkterapi som ressurs for behandling, arbeidsmiljø og folkehelse

Når musikkterapiens kunnskapsgrunnlag gjev grunnlag for tilråding i fleire behandlingsretningslinjer frå Helsedirektoratet, opnar dette for eit samspel mellom behandlingstilbod i helsetenestene og kultur- og lågterskeltilbod i lokalsamfunnet.

Musikkterapi i psykosebehandling og i demensomsorg er eksempel på at ein gjennom kunnskapsbasert bruk av musikk kan møte behov hjå brukarar som elles får mangelfulle tilbod. Det kan t.d. vere brukarar med store språkutfordringar, kognitiv svikt eller manglande motivasjon for meir tradisjonelle behandlingsmetodar.

Det helsepersonellet som tenestene er så avhengig av vil også dra nytte av slike tilbod, både fordi pasientane sine ressursar vert meir tilgjengelege, fordi pasientutfordringar med m.a. motivasjon og deltaking kan verte reduserte og fordi musikk i tenestene også vert ein trivselsfaktor for personalet sjølve. Å sørge for at det blir musikkterapeutar tilgjengeleg i tenestene i heile landet, vil altså også vere positivt for avdelingskultur og arbeidsmiljø og kunne bidra til å redusere slitasje og fråfall.

Samstundes handlar berekraftspotensialet i musikkterapi om ein «brubyggjarfunksjon», der ein kan etablere samarbeid mellom helsetenestene og lokalsamfunnet. Pionerkommunane og helseføretaka som deltar i Polyfon-samarbeidet har relevante erfaringar å vise til her, både når det gjeld samhandling mellom spesialisthelsetenestene og kommunane og mellom helsetenestene og andre sektorar, inkludert frivillige aktivitetar i lokalsamfunnet (jf. regjeringas nye kulturfrivilligheitsstrategi «Rom for deltakelse»). Pasientar som vert skrivne ut av klinikken vil ofte ta med seg musikken som ressurs og interesse. Med høveleg tilrettelegging kan dei då bruke musikk som kvardagsressurs for helse, livskvalitet og samfunnsdeltaking.

Ny kunnskap for nye tider

Kunnskapsgrunnlaget for denne type «samarbeid på tvers» er raskt aukande, både med internasjonale metaanalysar baserte på randomiserte kontrollstudiar og med lokalt forankra kvalitative studiar av implementeringsprosessar og aktørerfaringar. Vi minner då også om at Verdas helseorganisasjon (WHO) dei siste åra har bidratt til å løfte fram «Arts and Health», m.a. gjennom ein kunnskapsoversikt som samanfattar evidensgrunnlaget både for folkehelsearbeid og spesialisert behandling. Vi kan ikkje sjå at helsepersonellkommisjonen i tilstrekkeleg grad har tatt omsyn til denne (relativt nye) kunnskapen og dei mogelegheitene den gjev for innovasjon i framtidas helse- og omsorgstenester.

Konkrete forslag

I møte med dei samfunnsutfordringane som NOU 2023:4 skisserer, er det behov for innovative tilnærmingar til helse, der ein i tillegg til auka bruk av ulike teknologiske nyvinningar også må søkje å mobilisere helseressursar gjennom m.a. musikk og musikkterapi. Aktuelle strategiar kan vere:

  • Styrking av nasjonalt informasjonsarb+eid om mogelegheiter og dokumenterte effektar
  • Tilrettelegging for nasjonal implementering, m.a. når det gjeld rusproblem/psykisk helse for barn, unge, vaksne og eldre, demensomsorg, nevrorehabilitering og palliativ omsorg
  • Styrking av nasjonal utdanningskapasitet i musikkterapi
  • Styrking av tverrprofesjonelt og tverrsektorielt samarbeid

Kunnskapsklynga Polyfon stiller seg til disposisjon dersom myndigheitene ønskjer utdjuping av desse problemstillingane og av kunnskapsgrunnlaget argumenta og forslaga våre byggjer på.