Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Å bli skrøpeleg: eldre og deira pårørande sine erfaringar

Bente Egge Søvde disputerer 1.9.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Lived experiences of frailty among home-dwelling older people and family caregivers".

Main content

Avhandlinga byggjer på tre artiklar om heimebuande eldre og deira pårørande sine erfaringar med skrøpelegheit og omsorg.

Den første artikkelen utforska korleis eldre erfarte å leve med ein skrøpeleg kropp. Funna viste at deltakarane måtte tilpasse seg omgjevnadene etter kvart som kroppen mista sin tidlegare kapasitet. Å leve med ein kropp i stadig endring kravde at den eldre personen balanserte det sterke og det skrøpelege i seg sjølv. Dei gav ikkje opp, men fann nye strategiar for å leve meiningsfulle liv. Ulike aktivitetar var avgjerande for å bevare kjensla av å vere seg sjølv. Resultata viste og at å bruke eigne ressursar og få støtte av andre, som familie og helsepersonell, var avgjerande for å handtere livssituasjonen.

Den andre artikkelen undersøkte korleis skrøpelege eldre erfarte å bu heime samtidig som dei vurderte å flytte til eller søkje plass på sjukeheim. Resultata viste at tidlegare korttidsopphald hadde vore til hjelp, men gav lite høve til personleg tilpassa aktivitetar. Funna viste kva heimen betydde for dei eldre. Å bli skrøpelegare og risikere å flytte frå heimen sin vart vanskeleg for både den eldre og dei pårørande.

Den tredje artikkelen handla om pårørande si erfaring med å gi omsorg til skrøpelege heimebuande eldre. Dei måtte handtere endringar i eigne framtidsutsikter når omsorgsrolla vart omfattande. Pårørande ønskte å sikre at dei eldre hadde det bra og var trygge både her og no, og framover i tid, når dei måtte delegere omsorga til andre. Å vere pårørande kunne overvelde kapasiteten deira, sjølv om dei prøvde å førebu seg.

Avhandlinga gir ny innsikt i eldre og pårørande sine perspektiv, som kan bidra til å forstå behova til eldre som lever med skrøpelegheit, og korleis ivareta og samarbeide med pårørande.

Personalia

Bente Egge Søvde (f.1978) er utdanna sjukepleiar ved Høgskulen på Vestlandet, (2001) og fullførte helse- og sosialfagleg master ved Høgskulen i Volda i 2013. Doktorgradsarbeidet utgår ifrå Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar for avhandlinga er professor Jorunn Drageset. Professor Anne Marie Sandvoll og førsteamanuensis Eli Natvik er medrettleiarar. Bente Egge Søvde arbeider ved Institutt for helse- og omsorgsfag, HVL, Førde.