Velkomstveke på lektorsenteret
For første gong vart det arrangert eit felles velkomst- og informasjonsmøte for alle studentane på dei fem ulike lektorprogramma til UiB.
Main content
Felles velkomst- og informasjonsmøte
Om lag 150 lektorstudentar hadde funne vegen til møtet som vart arrangert i Egget og det var prorektor og leiar for styringsgruppa for lektorutdanninga, Pinar Heggernes, som ønska dei nye studentane velkommen.
Lektorutdanninga er viktig både som samfunnsoppdrag og for UiB, sa prorektor til dei nye studentane. Ho påpeika også at lektorstudentane ved UiB er kjende for å ha eit godt samhald og ho oppfordra studentane til å engasjere seg i ulike verv, oppgåver og fagutval i løpet av studietida.
Leiar for lektorsenteret, Endre Brunstad, kunne i sin velkomsttale bl.a. love at UiB skal gjere sitt beste for at dei nye studentane skal trivast gjennom utdanningsløpet.
No startar ein ny periode i livet, sa masterstudent, Emilie Kampen Kolberg, i sin tale til dei ferske lektorstudentane. Ho poengterte at ein ikkje var aleine i den nye studiekvardagen og at dette måtte dei hugse på når kvardagen kome med sine opp- og nedturar. Ho oppfordra studentane til å engasjere seg, oppsøke rettleiing, bruke medstudentane sine og ha fokus på notida, då tida går så alt for fort.
I informasjonsdelen av møtet fekk studentane orientering om pedagogikk og praksis i lektorutdanninga. Allereie om få veker skal dei ut i sin første praksisperiode.
Mentorgrupper til lektorsenteret
Dei to neste dagane etter velkomsten tok lektorsenteret i mot besøk av mentorgrupper frå lektorutdanninga og PPU-grupper. Her fekk studentane vite meir om senteret si rolle i lektorutdanninga. I tillegg fortalte fagutvalet for lektorutdanninga (FIL) om sitt faglege og sosiale arbeid og oppfordra studentane til å møte på arrangementa deira.
Besøka blei avslutta ved at kvar enkelt student skulle skrive ned tre punkt om kva dei såg fram til som lektorstudent og alle lappane vart hengt opp. Lektorsenteret vil samle og lese alle lappane, og notere seg hovudtrekka som kom fram.