Home
Department of Geography

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Utveksling

Utveksling til St Andrews i Skottland

Eg heiter Camilla, og reiste til St Andrews i Skottland i mitt fjerde semester. Eg hadde ei veldig kjekk tid her, og vil absolutt anbefale andre å velge utveksling og St Andrews også!

Next
Studentar med slott i bakgrunn.
Skottland er også eit land med mykje historie, og det er mykje ruiner og flotte bygningar ein kan sjå og lese om, både i byane og langt ute på bygda.
Photo:
Camilla Aune
1/2
natur
Det anbefalast verkeleg å reise litt rundt for å sjå alt Skottland har å by på av natur!
Photo:
Camilla Aune
2/2
Previous

Main content

Sjølv om Skottland ikkje er så langt unna oss i Noreg og liknar oss på mange måtar, har dei ein eigenarta kultur som dei er veldig stolte av! Haggis, kilt, sekkepipe, ceilidh-dans, golf og drøssevis av slott er berre noko av det du kjem til å oppleve om du reiser her.

Skottane er veldig hyggelege og hjelpsame, i tillegg til at det er mange utvekslingsstudentar på universitetet, så det er ikkje noko problem å finne seg venner her!

Kva kan ein oppleve i Skottland?

Det anbefalast verkeleg å reise litt rundt for å sjå alt Skottland har å by på av natur! Landskap og klima varierer mellom the Highlands, the Lowlands og alle øyane. Nokre av mine favorittar var Isle of Skye, Glen Nevis og Glencoe (ein tur til Loch Ness er heller aldri feil!). Reisar ein med tog får ein også sjå mykje fint langs vegen! Og ikkje la deg lure av kva andre seier om vêret, på austkysten der St Andrews ligg er det mykje meir sol enn me har i Bergen, og eg opplevde veldig lite regn! Men det er litt vind sidan det ligg rett ved havet, så pakk med ei god jakke og lue!

Skottland er også eit land med mykje historie, og det er mykje ruiner og flotte bygningar ein kan sjå og lese om, både i byane og langt ute på bygda.

St Andrews

St Andrews er ein relativt liten by i Fife, men her har ein alt ein treng til vanleg. Det er matbutikkar, kino, klesbutikkar, spisestader og anna. Er det noko anna ein treng eller vil oppleve er det heller ikkje langt til større byar, som Dundee, Perth, Aberdeen og Edinburgh.
Sjølv om det er ein liten stad, er det mykje ein kan finne på og engasjere seg i her. Det er studentorganisasjonar for alt mogleg, og skulen er kjent for å vera gode i mange ulike sportar. Skulen har også mange tradisjonar for studentane, så her må ein berre slenge seg med!

Campus er for det meste i sentrum i mange vakre bygningar, med fleire leseplassar. Det er ein veldig bra skule med høg ranking og gode professorar. Det er litt meir obligatorisk arbeid og ein må vera meir aktiv enn eg var vane med frå Bergen, men dette lærte eg veldig masse av.

Kvifor reise?

Ein lærer utruleg mykje av å reise på utveksling, både akademisk men ikkje minst om seg sjølv! Ein får oppleve mykje og får venner frå mange ulike delar av verda. Det er ein erfaring eg ikkje ville vore foruten!

St Andrews har absolutt mykje å by på om du ønskjer å reise på utveksling, så søk i veg!

God tur!