Home
Medieval Research Cluster

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
middelalderuken 2023

Det birgittinske Munkelivspsalteret: Eit handskrift frå mellomalderens Bergen

Ei av dei finaste mellomalderbøkene frå Noreg blei ført i pennen av ei nonne på Munkeliv kloster i Bergen på 1400-talet. Kva for historier kan dette handskriftet fortelje oss?

Faksimile fra middelaldermanuskript
Her ser vi eit faksimile av Munkeliv-psalteriet. Manuskriptet er datert til 1450 og blei skrevet og illuminert av Birgitta Sigfusdotter ved Munkeliv kloster i Bergen.
Photo:
Wikimedia Commons

Main content

Ei av dei finaste mellomalderbøkene frå Noreg blei ført i pennen av ei nonne på Munkeliv kloster i Bergen på 1400-talet. På siste side gjev Birgitta Sigfusdotter oss namnet sitt, og let oss vite at ho både skreiv og illustrerte handskriftet sjølv. Boka er på latin og inneheld Davidssalmane frå Bibelen. Teksten er altså kjent, men boka er ei viktig kjelde likevel, til både klosterliv og bokhistorie. Boka er i dag oppbevart i Praha, men for 50 år sidan fekk Bergen sin eigen kopi, no oppbevart på Universitetsbiblioteket. Kva for historier kan dette handskriftet fortelje oss?      

Føredraget er ved Åslaug Ommundsen, professor i mellomalderlatin ved Universitetet i Bergen. Ho har i ei årrekke forska på handskriftskulturen i mellomalderen, med spesielt fokus på dei mange overleverte fragmenta frå latinske mellomalderbøker i norske samlingar.

Arrangør av foredraget er Bymuseet i Bergen.

For pris og meir info sjå her