Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
JAPANSK INTERESSE FOR KLYNGESAMARBEIDET I POLYFON

No blir Polyfons årsmelding omsett til japansk

Musikkterapimiljøet i Bergen har hatt besøk frå Japan, med forskaren Masao Sugita ved Fukushima University i spissen. Gjestane har møtt Brynjulf Stige for samtalar om kunnskapsklynga Polyfon og dei har blitt kjende med ulike musikkterapeutiske tilbod i regionen.

gruppediskusjon
Diskusjon om fellestrekk og skilnader mellom Noreg og Japan når det gjeld bruken av musikk som ein ressurs for individ og fellesskap.
Photo:
UiB

Main content

Samfunnsmusikkterapi

Samfunnsmusikkterapiens vektlegging av menneskerettar, fellesskap og deltaking er noko av det som har skapt interesse i det japanske fagmiljøet. Gjestane er Masao Sugita, Takako Ito og Tomoko Shibata, der den første er universitetsforskar med musikkpedagogikk og samfunnsmusikkterapi som fagområde, medan dei to andre er musikkterapeutar.

Problemstillingar dei japanske fagpersonane ønskte å drøfte under vitjinga i Bergen var:

  • Samarbeidet mellom akademia, utøvarar og brukarar i Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
  • Rammevilkår for samfunnsmusikkterapeutisk praksis i ulike kontekstar
  • Fellestrekk og skilnader mellom samfunnsmusikkterapi, musikkpedagogikk og kulturarbeid
  • Forholdet mellom omgrepa kunstnarleg medborgarskap (artistic citizenship) og relasjonell omsorg

Nye publikasjonar

I løpet av besøket fekk dei japanske gjestane høve til å gjere seg kjende med fleire musikkterapeutiske praksiskontekstar, innan helse-, opplærings- og kultursektoren. Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi nyttar høvet til å takke alle musikkterapeutane som har vore med på å lage eit rikhaldig fagprogram for gjestane: Øystein Lydvo, Roar Finsås, Daniel Garces, Tora Söderström Gaden, Johannes Melhus Medlien og Viggo Krüger. Vi takkar også musikarane i Soul Party og alle andre som har gjort dette til ei variert og innhaldsrik veke!

Den japanske universitetsforskaren Masao Sugita, som tidlegare har gått i bresjen for å omsetje norsk musikkterapilitteratur om samfunnsmusikkterapi til japansk, fortel at han og kollegaene no er i gong med å skrive originale japanske artiklar og bøker innan denne delen av musikkterapifeltet.