Malariaførebyggjing hjå barn: reduserte kostnander og dødar
Melf-Jakob Kühl disputerer 8.11.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Addressing implementation uncertainty in postdischarge malaria chemoprevention".
Main content
Alvorleg anemi er vanleg hjå barn under fem år i Afrika sør for Sahara og skuldast ofte malaria infeksjon og underernæring. Behanling vert gjort med blodoverføring og innlegging på sjukehus nokre dagar. Medan mange døyr under behandling, er det enno fleire som døyr i heimen i løpet av nokre månader etter utskriving – typisk på grunn av nye malariainfeksjonar. Ei gruppe forskarar frå Afrika, Europa og USA, leia frå UiB, fann nyleg at førebyggjande malariabehandling i tre månader etter utskriving, såkalla PDMC, reduserte sannsynet for ny alvorleg sjukdom eller død med 70%.
Som ein del av doktorgraden utvikla Melf-Jakob Kühl helseøkonomiske modellar for slik førebyggjande behandling i Malawi, Kenya og Uganda. Modellane viser at behandlinga sannsynlegvis er kostnadseffektiv i alle landa, mest fordi kostnadane ved sjukehusinnlegging er langt høgare enn den enkle og rimelege førebyggjande behandlinga. I etterkant av denne studien har Verdas Helseorganisasjon anbefalt at PDMC blir tatt i bruk i land i Afrika med middels til høg førekomst av malaria.
I dei 20 Afrikanske landa med mest malaria kan ein førebyggje inntil 36 000 innleggingar på sjukehuset i året dersom alle barn med alvorleg anemi får tilgang til PDMC. Det er likevel slik at nytte av førebyggjande malariabehandling er direkte avhengig av at barna får tilgang til medisinen på rett tidspunkt. Kühl undersøkte difor kva som gjer at etterlevinga er svakare for enkelte foreldre, slik at helsetenestene skal kunne målrette dei betre. Han undersøkte i tillegg uvissa knytt til denne informasjonen, og om ein kan forvente at meir forsking og mindre uvisse vil vere nyttig. Det viste seg at PDMC er kostnadseffektivt i den grad at å fjerne all uvisse med meir forsking neppe vil kunne påverke dagens anbefaling frå Verdas Helseorganisasjon.
Personalia
Melf studerte jus og offentlig politikk i New Zealand før han jobbet for det tyske utviklingsprogrammet. I den rollen ga han råd til regjeringer om bærekraftig innføring av skolehelseprogrammer. Før han begynte på doktorgraden ved UiB i helseøkonomi jobbet han som rådgiver innen organisasjonsutvikling. Ved siden av doktorgradsarbeidet bidrar han i UiB-prosjekter om skolehelse og nyfødtomsorg i Uganda. Han håper å skape større bevissthet i global helseforskning for implementeringsbegrensninger.