Difor går «dei forlatne» veljarane til venstre i Noreg
Marta Rekdal Eidheim disputerer 30.11.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Understanding the left-behind: Electoral support and views on redistribution".
Main content
I dei seinare åra har statsvitskapen retta søkelyset mot dei som kjenner seg forlatne når samfunnet vert endra av globalisering, avindustrialisering, teknologisk utvikling og urbanisering. Arbeidarklasseveljarar og distriktsveljarar, som heilt overordna kan seiast å høyre til denne gruppa, har fått merksemd fordi dei har vorte knytt til Brexit, Trump, og framveksten av høgrepopulismen. Litteraturen trekker fram konservative haldningar og politisk misnøye som viktige forklaringar på stemmemønsteret til desse veljarane. Doktorgradsprosjektet til Marta Rekdal Eidheim ser på norske veljarar, og kva som er med på å forklare at desse veljarane i Noreg i staden bidrog til å velje ei sentrum-venstre regjering i 2021.
I avhandlinga finner Eidheim at:
• Å formulere økonomisk politikk som er tydeleg på at dei rikaste må betale er viktig for å hente støtte frå dei som identifiserer seg med arbeidarklassen.
• Dei som identifiserer seg med bygda er i mykje større grad er misfornøgde med forskjellar mellom bygd og by. Denne misnøya er ei sentral forklaring på kvifor dei stemte på Senterpartiet i 2021.
• Distriktsveljarar og arbeidarklasseveljarar er meir villige til å fordele offentlege ressursar til både om bur på bygda og til arbeidsfolk. Dette tyder på at desse gruppene ikkje er i konflikt i fordelingsspørsmål, og kan støtte eit breitt omfordelingsprogram.
Til saman syner avhandlinga at det er fleire måtar å mobilisere desse veljarane som kjenner seg forlatne på enn tidlegare framheva i den internasjonale litteraturen. Avhandlinga peikar på at det særleg er viktig å sjå på korleis partia representerer interessene deira i økonomiske spørsmål, og korleis dei appeller til gruppeidentitetar.
Personalia
Marta Rekdal Eidheim (f. 1991) har ei mastergrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, og ei bachelorgrad i statsvitskap frå NTNU. Doktorgradsprosjektet vart fullført ved Institutt for politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen under rettleiing av professor Elisabeth Ivarsflaten og professor Anne Lise Fimreite.