Home
Center for Digital Narrative

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Om oss

Om Senter for digitale fortellinger

Samtida er i aukande grad driven fram av digitale forteljingar. Likevel manglar vi ei heilskapleg og tverrsektoriell forståing av korleis digitale narrativ fungerar, til kva formål dei brukast, og korleis dei formar kulturen no og i framtida.

CDN and UiB logo
Photo:
Valeria Acosta

Main content

Senter for digitale fortellinger (CDN) er eit senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Norges forskningsråd fra 2023-2033.

CDN fokuserar på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialiteter, og kulturelle kontekstar i endring. Vi vil undersøke korleis interaksjonar mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege aktørar resulterar i nye forteljingsformer, korleis materialiteten til digitale forteljingar har endra seg, og korleis kulturelle kontekstar endrar digitale forteljingar sin bruk og funksjon.

CDN ser på modellar for tverrfagleg forsking, både på innovative praksisbaserte metodar og kvalitativ analyse av dei nye formene for historier fortalt gjennom digital teknologi. Ei tilnærming til digital forteljing frå humaniora inkluderar analyse av kulturelle gjenstandar og deira kulturelle innverknad, men òg resultat frå eksperimentell bruk av nye system.

CDN ynskjer å etablere Noreg som verdsleiande innan innovativ humanistisk forsking, og utdanne ein ny generasjon humanistiske forskarar som vil vere klare til å møte framtidas utfordringar. CDN vil utdjupe kunnskapen vår om korleis digitale teknologiar påverkar ei av våre mest grunnleggjande menneskelege aktivitetar: korleis vi fortel historiene som formar liva våre og forståinga av verda rundt oss.

CDN utviklar difor eit tverrfagleg rammeverk for digitale forteljingar i seks forskingsnoder: Electronic Literature, Computer Games and Interactive Digital Narrative, Computational Narrative Systems, Social Media and Network Narratives, Extended Digital Narratives, and Artistic Integrated Research

Sjå denne videoen frå utstillinga «Introduksjon til Senter for digitale fortellinger»:

Introducing the Center for Digital Narrative