Profesjonelle erfaringar frå brukarmøte
Mari Husabø disputerer 12.1.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Reflecting on encounters with vulnerable users".
Main content
Å møta og hjelpa brukarar i sårbare livssituasjonar er ei av velferdstenestene sine viktigaste oppgåver. Likevel veit vi høvesvis lite om kva som går føre seg i ein-til-ein møte mellom sosialarbeidarar og brukarane deira.
Mari Husabø har i doktorgradsprosjektet undersøkt sosialarbeidarar sine erfaringar frå individuelle brukarmøte. Målet med arbeidet har vore å få ei djupare forståing av desse erfaringane, noko som inneber å utforska bruk av profesjonell kunnskap og refleksjonar kring dilemma og utfordringar i praksis. Prosjektet har ei multimetodisk tilnærming som kombinerer den videoassisterte intervjumetoden Interpersonal Process Recall (IPR) og fokusgrupper. Sidan denne kombinasjonen er ny, og IPR ikkje tidlegare er nytta i profesjonsforsking i sosialt arbeid, har eit sentralt mål vore å utforska moglegheiter og utfordringar med å bruka tilnærminga innanfor velferdsyrka.
Forskingsarbeidet består av tre studiar: den første utforskar sosionomar i NAV i samtalar med sårbare unge utanfor arbeid, opplæring og utdanning, medan den andre tek utgangspunkt i møte mellom vernepleiarar og brukarar med utviklingshemming. Den siste studien utforskar IPR som forskingsmetode innanfor profesjonelt sosialt arbeid.
Avhandlinga syner at profesjonsutøvarane opplever arbeidet som komplekst, tvitydig og utfordrande. Etiske dilemma er eit sentralt og tilbakevendande tema, og intervjua tyder på at sosialarbeidarane treng meir tid til refleksjon, sjølvevaluering og rettleiing for å halde ut i arbeidet og bidra til kunnskapsutvikling i praksis. Den multimetodiske tilnærminga har fått fram sider ved samhandling i ein-til-ein møter som elles kan vera vanskeleg å syne i detalj. Ei slik djupneutforsking synest difor å vera ei verdifull tilnærming i vidare profesjonsforsking på velferdsyrka, men vil krevja særskilt tilpassing til både praksisfelt og deltakarar.
Personalia
Mari Husabø (f. 1983) tok mastergrad i sosialantropologi ved UiO i 2011. Ho har vore tilsett som stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Som stipendiat har ho vore tilknytt Forskingsgruppe for helsevitenskap og erfaringsforskning ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Rettleiarar har vore Aud Marie Øien (HVL), Magne Mæhle (HVL) og Målfrid Råheim (UiB).