Home
Department of Comparative Politics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Reisebrev frå Johannesburg

Våren 2024 var eg i praksis hos Norec i Førde. Norec er ein etat under utanriksdepartementet som jobbar hovudsakleg med utviklingsprosjekt i Afrika, Asia og Latin- Amerika. Prosjekta sender unge ansatte og frivillige på jobb til samarbeidspartnarar i 24 andre land. Før og etter dei har vore på utveksling kursar Norec dei. Målet er å gje unge menneske internasjonal arbeidserfaring og interkulturell forståing. I tillegg til dette rekrutterer Norec nordmenn til FN og jobbar med demokratifremming.

Next
indaba.jpeg
Photo:
NOREC
1/2
indaba_workshop_3.jpeg
Photo:
NOREC
2/2
Previous

Main content

Den siste veka har eg vore på jobb i Johannesburg, Sør- Afrika. Ein by som er kjent blant anna for fotball VM i 2010 og Nelson Mandela. Eg har halde førebuings- og heimkomst- kurs. Der møtte eg nye perspektiv, kunnskap og moro. Denne veka har eg blitt kjend med inspirerande unge menneske frå sør for Sahara, og Norge. Eg fekk høyre historier frå deltakarar som har jobba på akuttmottak i Sør- Afrika og har mått gjere mykje med lite. Eg har møtt ei jente som er lesbisk, og som skal på utveksling til eit land der det er ulovleg. Eg har prata med ein jovial gut som har lært å lage sjakkbrett og andre funksjonelle produkt av bananblad.

Sjølv om eg reiste for å delta i å halde kurs, har eg lært mykje sjølv. Eg har funne ut at Afrikanarar generelt likar Putin. I alle fall dei eg prata med. At Kenya undergår ein reform der landet skal ha eit fokus på lokalsamfunn. Dei har ulike reglar om at ein må vite namnet på naboane sine, og at ein skal drive dugnad osv. Mondekazi, jurist og tidlegare politikkstudent, spurte meg om vi lærer ein del om afrikansk politikk på studiet mitt. Eg sa at det så langt har blitt dratt eksempel frå ein del afrikanske autoritære leiarar, men at det ikkje er noko vi har fokusert på så langt i studiet. Ho spurte om vi meiner at vi ikkje har noko å lære av Afrika.

Høgdepunktet frå turen er ein ekskursjon til Soweto, eit område med «townships» i Johannesburg. «Townships» var segregerte område der ikkje-kvite innbyggjarar blei tvunge til å bu under Apartheid regimet. Området er framleis relativt fattig, og dermed prega av kriminalitet. Det var spesielt å lære om Apartheid der det skjedde. Etter turen prata eg med to jenter som sa at området minna dei om deira eige nabolag. At det til og med var betre standard i nabolaget vi besøkte, enn heime hos dei. I etterkant har eg tenkt på kva denne moglegheita for internasjonal arbeidserfaring vil bety for desse jentene, og dei andre som reiser.

Når ein jobbar i Førde er det vanskeleg å skjønne djupna av det Norec jobbar med. Kurset hjelper å vise viktigheita av det. Kurset har vore ei unik oppleving som eg unner alle som er interessert i politikk, interkulturell forståing, og menneske, å få bli med på.