Forskningsetikk
Forskingsetisk vurdering av prosjekt ved Det psykologiske fakultet
Tilsette ved fakultetet kan søkja Forskar- og forskarutdanningsutvalet (FFU) om ei forskingsetisk godkjenning av prosjektet. Godkjenninga har ingen juridisk funksjon, forskaren er sjølv ansvarleg for å opptre i tråd med lovverk og forskingsetiske retningsliner.
Main content
Me vil punktvis samanfatta ordninga:
- Det er friviljug å søkja om etisk godkjenning. Ordninga er for dei som har planar om å bruka prosjektet i samanhengar der ein kan bli beden om å syna fram ei godkjenning, til dømes ved publisering.
- Søkjaren må vera tilsett ved fakultetet, og han må vera prosjektleiar for prosjektet.
- Dersom ein syslar med helseforsking, skal ein ikkje kontakta FFU. REK skal vurdera forskingsetikken i alle helseforskingsprosjekt. Er ein uviss på om prosjektet fell inn under helseforskingslova, må ein be REK om ei framleggingsvurdring.
- Femner prosjektet om særlege kategoriar av persondata (sensitive data), sårbare grupper eller store datamengder, skal ein rådføra seg med Personvernombodet (PVO), eller melda prosjektet til SIKT, før ein søkjer om etisk godkjenning. (Melder ein prosjektet til SIKT, vil det automatisk bli importert til RETTE. Har PVO godkjent prosjektet, må ein sjølv oppretta det i RETTE før ein søkjer etisk godkjenning.)
- Dersom prosjektet femner om persondata, skal det registrerast i RETTE før ein søkjer etisk godkjenning.
- Dersom prosjektet berre samlar inn og nyttar anonyme data, skal ein søkja om etisk godkjenning før ein startar med datainnsamlinga.
Søknadsskjema (ligg og nederst på sida). Søkjaren må fylle ut dette skjemaet og leggje ved dokumentasjon som t.d. samtykkeskjema, instruksjonar, spørreskjema osv. og returnere det som eitt dokument til post.psyfa@uib.no med cc. til Atle.Jastad@uib.no
Søknadsskjema
29.10.2024