Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Bruk av CRISPR-baserte genredigeringsverktøy i laks

Mari Torsdotter Raudstein disputerer 15.5.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Application of CRISPR-based gene editing tools in Atlantic salmon".

Main content

Spreiing av smittsame sjukdommar er eit stort problem i den norske lakseindustrien, og fører til redusert velferd og helse hos oppdrettsfisken. Det er difor eit behov for å beskytte fisken mot slike sjukdommar. Ei mogleg løysing kan vere å bruke genredigeringsteknologien CRISPR for å endre laksen sitt DNA slik at fisken blir meir motstandsdyktig mot sjukdom. Effektiv bruk av denne teknologien krev evna til å utføre endringane med høg nøyaktigheit, i tillegg til at vi treng meir kunnskap om kva gen som faktisk kan redigerast. Slik kunnskap kan vi få ved hjelp av nettopp CRISPR-baserte «loss-of-function» og «gain-of-function» eksperiment, og CRISPR teknologi har difor potensiale til å bli svært nyttig både for fiskeforsking og for havbruksnæringa.

I dette doktorgradsarbeidet har to nye CRISPR-baserte genredigeringsverktøy blitt prøvd ut i atlantisk laks for første gong: CRISPR/LbCas12a og base-redigering, noko som utvidar moglegheitene for å gjere genetiske endringar i denne arten. I tillegg har konvensjonell CRISPR/Cas9 teknologi blitt brukt til å «slå ut» immungenet Immunoglobulin M (IgM), noko som resulterte i ein laks med reduserte mengder av IgM+ B celler. Denne fisken kan i framtidige forsøk fungere som ein modell for å auke forståinga rundt rolla til denne celletypen, i tillegg til forståinga om laksen sitt immunsystem generelt. Sjølv om det framleis er diverse utfordringar knytt til CRISPR-basert genredigering, har teknologien stort potensiale til å betre velferda og helsa til oppdrettslaksen i framtida – anten gjennom auka kunnskap eller ved faktisk bruk i havbruksnæringa for å gjere fisken meir robust.

Personalia

Mari Torsdotter Raudstein (f. 1994) er utdanna bioingeniør ved Høgskulen på Vestlandet og har mastergrad i bioteknologi frå Noregs miljø- og biovitskapelege universitet. Doktorgradsarbeidet er finansiert av Noregs Forskingsråd, og vart utført ved Havforskingsinstituttet. Hovudrettleiar har vore Rolf Brudvik Edvardsen (Havforskingsinstituttet), med Ståle Ellingsen (Universitetet i Bergen) som birettleiar.