Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
RESSURSSIDE

Frå plan til praksis i Bergen kommune

Barne- og familiehjelpa i Etat for barn og familie i Bergen kommune har bygd opp musikkterapitenester dei siste åra. Les om korleis dei kommunale musikkterapeutstillingane på dette feltet er grunngitt og planforankra.

Barn i Bergen
Arbeidet med implementering av musikkterapi i Barne- og familiehjelpa i Bergen har solid grunngjeving og planforankring.
Photo:
Bergen kommune

Main content

Eit viktig utgangspunkt for Bergen kommunes arbeid med å planforankre ulike typar musikkterapitenester og -tilbod er nasjonale tilrådingar av musikkterapi og den forskingsbaserte kunnskapen som er bygd opp om musikkterapiens effektar og brukarane sine erfaringar. For ein oversikt, sjå Polyfons ulike kunnskapsbeskrivingar.  

Når det gjeld Etat for barn og familie sitt utviklingsarbeid på musikkterapifeltet, dannar elles Planen ‘Bergens barn – byens fremtid’, vedtatt i bystyret i desember 2016, eit viktig grunnlagt. Ein annan meir spesifikk rapport, om Barne- og familiehjelpen, vart vedtatt i 2017 og vart eit viktig steg i den vidare prosessen. Fleire av funna i denne rapporten var med på å gjere ei satsing på musikkterapi relevant. Ein fann m.a. at det var behov for:

  • tilbod ut over samtalebaserte tiltak
  • møteplassar og sosiale arenaar
  • auka tverrfagleg breidde og samarbeid
  • styrkt brukarmedverknad

Med dette som utgangspunkt, vart ein eigen Rapport om implementering av musikkterapi i Barne- og familiehjelpen publisert i 2020. Etablerte musikkterapitilbod i andre etatar og sektorar vart då kartlagde, slik at eit grunnlag for samarbeid på tvers vart lagd. Vidare skisserte denne rapporten kva behov musikkterapi kan dekkje i eksisterande tenester, kva målgrupper som bør prioriterast og korleis praksis bør utformast og organiserast. Dei målgruppene som vart prioriterte for etatens implementering av musikkterapi, vart beskrive som grupper som det elles er vanskeleg å gje eit godt nok tilbod til, som:

  • barn i autismespekteret
  • familiar med små barn og samspelsutfordringar
  • barn og ungdom med langvarige psykiske vanskar
  • barn og ungdom i utsette livssituasjonar

Rapporten legg elles vekt på ein tretrinnsmodell adoptert frå erfaringar med musikkterapi innan Kriminalomsorga og Psykisk helsevern. Etat for barn og familie valde då å tilpasse denne modellen til sin egen situasjon (sjå faktaboksen til høgre).

Rapporten legg dessutan stor vekt på verdien av å dokumentere praksis, for å kunne evaluere og vidareutvikle tilbodet. Rapporten peiker slik framover mot kunnskapsbasert utvikling av tenestene, m.a. i samarbeid med forskingssenteret GAMUT og kunnskapsklynga Polyfon. 

Etat for bram og familie

Musikkterapeut Kaja Elise Enge (t.h.) har stått for mykje av utgreiingsarbeidet, under leiing av Nina Bolstad, som på dette tidspunktet var ansvarleg for etatens Avdeling for kunnskapsutvikling. 

Photo:
Polyfon