Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Kva er verdien av levetid?

Preben Sørheim disputerer 26.8.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Valuing the Length of Lives in Public Health and Beyond".

Main content

Sjølv om vi lever stadig lengre, både i Noreg og elles i verda, er mange liv framleis for korte. Til dømes er det stor variasjon i forventa levealder mellom land, der den største forskjellen er over 30 år mellom Den sentralafrikanske republikk og Japan. Liknande forskjellar kan ein også finne mellom ytterpunkta i grupper frå same land, når vi delast inn etter utdanningsnivå, inntekt eller yrke. Mange døyr også prematurt i både rike og fattige land, og desse døyr ofte av årsaker som er – i det minste til ei viss grad – mogleg å forhindre.

Korleis skal vi som samfunn vurdere desse forkorta livsløpa? Ein vanleg vurdering er at ulikskap i forventa levealder er urettferdig og premature dødsfall er eit vonde. Denne vanlege vurderinga viser seg å vere overraskande vanskeleg å forsvare. Dette er fordi den statistiske tilnærminga som identifiserer kven som døyr prematurt er konstruert på ein deskriptiv og tilfeldig måte, og den filosofiske tilnærminga som forklarar kvifor døden kan vere eit vonde manglar praktisk relevans. Gjennom å forsvare og videreutvikle den filosofiske tilnærminga, viser avhandlinga korleis ein kan måle prematur død og levealdersulikskap på ein moralsk relevant måte. Til dømes, lagar eg og medforfattarar eit vegkart for korleis epidemiologar kan operasjonalisere prematur død på måtar som ivaretek moralske verdiar. Eg og medforfattarar viser også kva verdiføresetnadar som ligg bak helsetapsjusterte leveår, ein måleeining som er mykje brukt i global helse, samt korleis død på individnivå og populasjonsnivå forheld seg til kvarande. I tillegg viser eg korleis utforminga av pensjonssystemet er spesielt urettferdig for kortlevde medlemer av velferdsstatar, og korleis det kan tilpassast for å ivareta desse borgarane.

I sum bidreg avhandlinga til ein betre forståing av den moralske verdien av forskjellar i livslengder. Den bidreg slik sett til eksisterande forskingslitteratur i etikk, politisk filosofi og bioetikk, samtidig som den gir innspel til grunnlagsproblem i demografi, epidemiologi og folkehelse-policy.

Personalia

Preben Sørheim er forskar ved Senter for medisinsk etikk, Universitetet i Oslo og stipendiat ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier, Universitetet i Bergen med ei mastergrad i filosofi frå same stad. Rettleiarane hans har vore førsteamanuensis Carl Tollef Solberg, professor Espen Gamlund og professor Ole Frithjof Norheim.