Ny bok utforskar grensene til liv, død og kropp i vår teknologiserte samtid
Martin Eggen Mogseth og Fartein Hauan Nilsen, doktorgradsstipendiater ved Institutt for sosialantropologi, er redaktørar og bidragsytarar i den nye boka Limits of Life: Reflections on Life, Death and the Body in an age of Technoscience publisert av Berghahn Books.
Main content
Lanseringa av boka fann stad førre fredag på Tekstallmenningen saman med Davide Tarizzo, førsteamanuensis i politisk filosofi ved Università degli Studi di Salerno og forfattar av første kapittel. Arrangementet samla forskarar, studentar og andre interesserte for å diskutere boka sitt bidrag til forståinga av korleis teknologisk utvikling påverkar vår oppfatning av liv, død og kroppen. Lanseringa vart godt motteken, og diskusjonane som følgde reflekterte ei brei interesse for boka sitt tema.
Første kapittel, skriven av Davide Tarizzo, introduserer boka sitt hovudtema ved å diskutere sjølve ideen om kva liv er, og korleis vitskapen har forsøkt å definere dette. Dette set tonen for dei påfølgjande kapitla, som kvar på sin måte utforskar grensene mellom det menneskelege og det teknologiske.
Resten av kapitla tek for seg alt frå korleis DNA og kunnskap om genetisk opphav utfordrar kroppens og livets grenser (Martin Eggen Mogseth), til refleksjonar over korleis liv er definert i Islam (Arpan Roy), og transhumanistiske og posthumanistiske visjonar av framtida (Annelin Eriksen). Vidare utforskar dei transcendentale spørsmål knytt til digitale etterliv (Maggi Savin-Baden) og mogleiken for å digitalisere forfedrane sine (Fartein Hauan Nilsen), kjærleik i ei teknologisk framtid (Jeffrey Bennett), og digital udøyelegdom (Cristiana Anca Voinov). Andre tema inkluderer transhumanisme og afrofuturisme i amerikansk kultur (William Dawley), kommersialisering av implantat-teknologi (Martijn Clarysse m.fl.), og eksperimentering med nye kroppslege sansar i kryssingspunktet mellom kunst og teknologi (Jennifer Huberman). Etterordet av Bruce Kapferer bind saman desse refleksjonane, og oppfordrar til vidare diskusjon om livets, dødens og kroppens grenser i ei teknologisk verd og kva rolle antropologien kan spele i utforskinga av desse.
Boka er eit produkt av eit seminar som fann stad på Universitetet i Bergen sumaren 2022 i samarbeid med forskargruppa Egalitarian Futures Research Group og prosjektet Human Futures: A study of Technoscientific Immortality ved Institutt for sosialantropologi.