Lågtrofiske marine råvarer i fôr til laks
Sahar Sartipiyarahmadi disputerer 25.9.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Exploring the use of blue mussel silage and fermented sugar kelp as low trophic marine resources in the Atlantic salmon (Salmo salar L.) diet".
Main content
Sahar Sartipiyarahmadi disputerer 25.09.2025 for Phd-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen “Exploring the use of blue mussel silage and fermented sugar kelp as low trophic marine resources in feed for Atlantic salmon (Salmo salar L.)” Havbrukssektoren er i rask vekst og er forventa å bidra med meir mat frå havet til den globale matforsyninga. Berekraftig vekst i fiskeoppdrett er avhengig av å finne nye fôringrediensar som har potensiale for oppskalering og dyrking, og som bidreg til å minimere karbonavtrykket. Samtidig skal nye ingrediensar oppfylle ernæringsmessige krav og gje god fiskehelse og velferd. Lågare trofiske marine ressursar som blåskjel (Mytilus edulis) og sukkertare (Saccharina latissima) er to alternativ som kan dyrkast lokalt i Noreg. Hovudmålet med dette prosjektet var å undersøke bruken av blåskjelensilasje (BMS) og fermentert sukkertare (FSK) som nye fôringrediensar i fôret til oppdrettslaks. I doktorgradsarbeidet har det blitt gjort to vekstforsøk med laks gitt fôr som inneheldt blåskjel prosessert på ulike måtar og eit med fermentert sukkertare. Oppsummert blei det vist at blåskjel kan brukast i fôr til laks utan å redusere vekst, fôrutnytting eller velferd. Men metodane som er valt for prosessering og konservering av blåskjel, ser ut til å påverke utnytting av næringsstoff. For fermentert sukkertare blei det vist at høgare innblanding kan gje redusert vekst, men ingen reduksjon i fôrutnyttelse og velferd. Bruk av taren ga høgare innhald av jod i fiskemuskelen, og påverka også antioksidantstatus og immunresponsar hos fisken. Resultata frå dette prosjektet viser eit tydeleg potensial for bruk av lågtrofiske fôrråvarer dyrka i havet, noko som kan ha betydning både for vidare utvikling av berekraftig akvakultur i Noreg, men også globalt.
Personalia
Sahar Sartipiyarahmadi (f.1986) har bachelor i naturlige ressurser fra Lorestan University, Iran, og en master i marinbiologi frå Gent University, Belgia. Doktorgradsarbeidet har blitt utført ved Havforskningsinstituttet under veiledning av Dr. Sofie Charlotte Remø (HI), Dr. Øivind Strand (HI), Dr. Martin Wiech (HI), Dr. Erik-Jan Lock (HI, UiB), og Dr. Nina S. Liland (HI, UiB).