UiB og BIFF - Bergen internasjonale filmfestival
Vi samarbeider med Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) 16.-24. oktober. I år blir det konkurransen Gulluglen, utstilling og debattar. Mange tilsette og studentar er involverte i festivalen, og desse får også gunstige billettprisar.
Main content
Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) går av stabelen frå 16. oktober til 24. oktober. Festivalen er ei årleg storhending i Bergen. Mange studentar og tilsette er involverte i festivalen som debattdeltakarar, innleiarar, frivillige eller jurymedlemmer og publikum.
Gulluglen 2024
Kvart år konkurrerer fem filmar om Gulluglen, prisen for beste forskingsformidlingsfilm. Sjå bilete frå filmane i bildekarusellen.
Meir om filmane og billettar finn du her: Gulluglen.
Vinnarfilmen blir kåra av skarpe akademikarar ved universitetet. Årets jurymedlemmer er Anand Bhopal, Ingrid Ovidia Moe Telle og Lene Johannessen. Universitetslektor Håkon Tveit er BIFF sin leiar for arbeidet med Gulluglen.
Arrangement med UiB og BIFF
Universitetet i Bergen samarbeider med BIFF om fleire arrangement og debattar under festivalen. Etter kvart som aktivitetane er klare legg vi ut informasjon om dei her:
16. oktober: Opning av utstillinga More Than Meets AI
Utstillinga More Than Meets AI ser nærare på den kunstige intelligensen si rolle i kreativitet, narrativ og kunstnerisk innovasjon. Som ein del av ei større utstilling samarbeider Senter for digitale fortellinger med BIFF om et utstlllingsrom i Georgernes Verft 12 i perioden 16. oktober - 24. oktober. Åpningsarrangement 16. oktober 18.30. Ope kl 14.00-20.00. Les meir om utstillinga her.
19. oktober: Innleiing til filmen Oasis om det chilenske demokratiet
Innleiing ved Soledad Marambio, Institutt for fremmedspråk, UiB. Les meir om filmen her
22. oktober: Panelsamtale om dokumentarfilmen Your fat friend
I samband med visninga av "Your Fat Friend" arrangerer Universitetet i Bergen ei panelsamtale med regissøren om tjukkaktivisme og tjukk representasjon. Speilsalen på Kvarteret, kl 16.30-17.30. Les meir om panelsamtalen og visning av filmen her
23. oktober: Filmvisning og seminar med LawTransform
Kl 14.45-17.30 vises filmen "I am the River, The River is Me" med påfølgende seminar i Bergen Global Se arrangementet på Facebook
Festivalvideoer fra BIFF-TV
UiB-studentar frå bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon dekkjer festivalstemninga og produserer daglege videoar gjennom samarbeidet om BIFF-TV. Rundt 20 studentar og tilsette er involverte i arbeidet.
Leiar er Richard Misek ved Institutt for informasjons- og medievitenskap. Videoane blir viste i kinosalen, på biff.no og i sosiale medium
Rabatt til UiB-tilsette og studentar
Tilsette får rabatt på billettprisen ved framsyning av tilsettkort, prisen er 90 kroner per billett.
Tilbodet er begrensa til ein billett per person per film. Ein kan også kjøpe rabatterte billettar på nett, og syne tilsettbeviset ved inngangen.
Prisen for studentar er 80 kroner per billett.
Ordinær pris er 120 kr.