Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Gåver til gagn i det evige

Embla Aae disputerer 15.11.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen «Quantifying Devotion – A Mixed-Methods Study of Pious Donation in the Nidaros Province, c. 1160–1540».

Main content

I mellomalderen gav mange i Noreg sjelegåver til kyrkjer og kloster. For gåvene vart det uført sjeletenester som ofte inkluderte bøn for givaren i kyrkja, men det hende òg at gåvene berre var gitt for eller til gagn for sjela til givaren.

Avhandlinga er den første omfattande studien av sjelegåvebrev i Noreg. Ho gir innsikt i motivasjonen og den sosiale dynamikken bak gåvene, og er verdfull for samanlikning med sjelegåvepraksis andre stadar. Norske kvinner kunne til dømes i større grad gi sjelegåver enn i nabolanda, grunna arve- og råderett over eigen eigedom.

Aae poengterer at verdfulle gåver kravde skriftlege avtalar, og dermed er det bevart flest brev om donasjonar av jordeigedom. Før 1300 gav berre dei mektigaste sjelegåver, men frå byrjinga av 1300-talet blei skikken også vanleg mellom bønder, som gav mindre jordpartar. I byane finn vi andre donasjonsmønster, og frå Bergen kjenner vi sjelegåver frå lybske kjøpmenn med opphald på Bryggen. Avhandlinga finn at deira sjelegåver ofte var gitt til kyrkjer og tiggarordenar, og til almisser til fattige. Slik kunne dei sørgja for at minnet deira blei oppretthalde i Bergen i tillegg til heimbyen. Også mange norske sjelegåvebrev nemner almisser, som var ein viktig del av samtidas sosialomsorg.

Ved å minnast ein avliden i liturgien, blei vedkommande rekna som til stades i kyrkjerommet, og gjennom bøn blei givaren hjelpt gjennom skirselden. Når soknekyrkjene fekk flest sjelegåver, kan det vera uttrykk for eit ønskje om å bli minnast i det lokalmiljøet ein hadde høyrt til. Dei velståande gav til soknekyrkjer, dessutan til katedralar og kloster – slik blei òg minnet om statusen deira opprettheldt.

Avhandlinga omfattar over fem hundre sjelegåvebrev, og korpuset kan brukast til å teste hypotesar og opnar for problemstillingar utover dei som alt er undersøkte. Arbeidet inkluderer ei samla registrering av ei sentral kjeldegruppe, og gir eit solid grunnlag for vidare forsking på det religiøse landskapet i mellomalderen.

Personalia

Embla Aae jobbar for tida som konservator ved Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene, der ho i hovudsak driv med forsking på og formidling av hansahistorie. Ho har bachelorgrad i historie og litteratur frå University of York, og mastergrad i norrøne studiar frå Universitetet på Island og Universitetet i Oslo. Ved Universitetet i Oslo skreiv ho mastergrad om bruken av skriftkunne i religiøse kontekstar, og ho har tidlegare publisert artiklar om skriftkultur i mellomalderen.