Pollinatorar: Dei vesle skapningane som styrer verda
Med støtte frå EU går forskarar ved Universitetet i Bergen i gang med eit stort tverrfagleg prosjekt for å hjelpe samfunnet med å handtere truslar knytt til pollinatornedgangen.
Main content
Då Jeroen van der Sluijs, professor ved Senter for vitskapsteori (SVT), fekk nyheita om at han og forskargruppa hans hadde fått innvilga midlar for BUTTERFLY-prosjektet blei han sjølvsagt glad. Samtidig utbraut han, smått panisk: – Eg har aldri leia eit så stort konsortium før!
Eit breitt internasjonalt og tverrfagleg samarbeid om restaurering av pollinatorar
Det er ingen tvil om at prosjektleiar van der Sluijs har mykje arbeid framfor seg: Saman med UiB-kollegaer Laura Drivdal (Universitetsbiblioteket) og Scott Bremer (SVT) har han ansvaret for eit mangfaldig konsortium med 24 partnarar.
Støtta frå EU har gjort det mogleg å etablere eit breitt internasjonalt og tverrfagleg samarbeid for forvalting av pollinerande artar i alle sektorar av økonomien.
Konsortiet skal også fokusere på dei menneskelege dimensjonane av pollinatornedgangen og jobbe med å auke engasjementet i samfunnsvitskapane og humaniora for forsking retta mot politikkutvikling.
– Denne typen forsking er naudsynt for at vi skal lukkast med implementeringa av Europa sin biomangfaldsstrategi for 2030, og det byrjar verkeleg å haste, seier van der Sluijs.
Samfunn og natur er avhengige av pollinerande artar
Med tanke på utfordringa BUTTERFLY skal gå i gang med, er det ikkje rart at konsortiet må vere stort og mangfaldig.
– Samfunnet vårt og naturen er særs avhengige av pollinerande artar, og mange av desse er truga. Vi er dermed sårbare for dei vidtrekkande snøballeffektane av nedgangen i pollinatorar, seier van der Sluijs.
– 90 viktige avlingar, som utgjer 35 % av verdas matproduksjon, er avhengige av pollinatorar. 94 % av alle blomstrande plantar på jorda greier seg ikkje utan hundretusenvis av ulike pollinerande artar som blomsterfluger, møll, biller, sommarfuglar og bier, for å nemne nokre få.
Sommarfugleffekten
Dei stadig aukande og potensielt øydeleggjande konsekvensane av nedgangen i pollinatorar, eller sommarfugleffekten, har gitt namn til prosjektet: Ideen om at små endringar på eitt tidspunkt kan forplante seg og føre til store konsekvensar seinare. Men sommarfuglen er berre ein av mange pollinerande artar som er livsviktige for samfunnet vårt. Dette er eitt av problema vi står overfor når vi prøver å handtere denne nedgangen, seier van der Sluijs:
– Vi veit for lite om det fulle omfanget av pollinatornedgangen og i kva grad han truar mennesket sitt ve og vel, og vi forstår ikkje i tilstrekkeleg grad kva for gode pollinerande artar tilfører oss utover viktigheita deira for avlingane våre.
Kva veit vi (ikkje) om pollinatorar?
Det er store hol i kunnskapen vår om dyr som pollinerer ville og dyrka plantar i Europa utover dei mest kjende insekta som bier, sommarfuglar og møll. Visste du til dømes at flaggermus også er pollinatorar?
– BUTTERFLY har som mål å fylle desse hola ved å auke kunnskapen vår om pollinerande artar, samt skape offentleg merksemd om og verdsetjing av dei komplekse økologiske, økonomiske og samfunnsmessige goda vi får frå pollinatorar. Vi vil også bidra til å avdekke og endre lite berekraftige praksisar innan landbruk, industri og samfunn, seier van der Sluijs.
Verktøy for restaurering av pollinatorar
Prosjektet skal også utvikle konkrete verktøy til hjelp i innsatsen for å restaurere pollinatorane og leveområda deira: Nye modellar og datasett for å vurdere og føreseie verdien av pollinerande artar (økonomiske og andre verdiar) og verktøy for å integrere vern av pollinatorar på tvers av sektorar som mat, helse, energi, materialar og naturbruk.
BUTTERFLY skal også etablere nettverk av interessentar frå grasrot- til EU-nivå som saman skal bidra til det van der Sluijs og konsortiet hans har døypt «pollinatorforvalting» («pollinator stewardship»).
– «Pollinatorforvalting» inneber at vi i alle aktivitetane våre forpliktar oss til å gjere det vi kan, på ein ansvarleg og proaktiv måte, for å auke dei positive og redusere dei negative påverknadane på pollinerande artar, og på biomangfald som er avhengig av pollinatorar, forklarar van der Sluijs.
Levande laboratorium
Mykje av dette arbeidet vil bli gjort i BUTTERFLY sitt nettverk av levande laboratorium («Living Labs»), som vil fungere som yngleplassar for samarbeid om kunnskap og berekraftige løysingar, og bane vegen for pollinatorforvalting i alle sektorar.
– Ein definisjon av eit levande laboratorium er "eit ope innovasjonsøkosystem i eksisterande miljø som bruker interaktive tilbakemeldingsprosessar gjennom heile livssyklusen til ein innovasjon, for slik å skape berekraftig påverknad," seier van der Sluijs.
BUTTERFLY sine levande laboratorium skal vurdere i kva grad fem viktige forsyningskjeder avheng av pollinering: Mat/mikroernæringsstoff, legemiddel, kosmetikk, biomateriale og bioenergi. Saman med alle dei involverte i kvar forsyningsskjede skal dei levande laboratoria samskape og teste alternativ for restaurering av pollinatorar som aukar motstandskrafta i desse forsyningskjedene.
Metamorfose
Metamorfosen der ein larve blir til ein sommarfugl symboliserer prosjektet si transformative tilnærming. Ei slik tilnærming er naudsynt for å restaurere biomangfaldet, i følgje van der Sluijs.
Når vi får ei betre forståing av dei negative verknadane av pollinatornedgang, og dei katastrofale følgene av dette tapet, kan den same sommarfugleffekten brukast som ein strategi for positiv endring: Små, velvalde tiltak for restaurering av pollinatorar kan føre til viktige resultat som kjem pollinerande artar til gode.
Hovudmålet til BUTTERFLY er å auke samfunnet vårt si evne til å vurdere, føresjå og reagere på dei stadig aukande trugsmåla pollinatornedgangen utgjer for natur, samfunn, økonomi og mennesket sitt ve og vel.