Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Vart norskamerikanske identitetar forma av lokale forhold?

Trond Espen Teigen Bjoland disputerer 6.12.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Norwegian-American Identities in Small-Town Wisconsin".

Main content

Meir enn 800 000 norskfødde migrantar busette seg i USA mellom 1825 og 1930. Dei slo seg ned i ulike typar lokalsamfunn, og over tid utvikla dei kollektive identitetar som norskamerikanarar. Slike identitetar utvikla seg ulikt frå stad til stad. Dette tyder på at lokale forhold påverka desse prosessane, og tidlegare forsking har særleg peika på at storleiken på lokalsamfunnet speler ei rolle. Denne avhandlinga undersøker om også andre faktorar kan ha påverka utviklinga av norskamerikanske identitetar.

Avhandlinga føreset at kollektive identitetar blir utvikla i sosiale kontekstar. Gjennom ei casebasert tilnærming studerer den derfor sosiale kontaktpunkt i tre småbyar i Wisconsin – Stoughton, Marshfield og Whitewater – i perioden 1900 til 1930. Dei utvalde småbyane hadde i denne perioden samanliknbare folketal, men skilte seg frå kvarandre når det gjaldt etnisk samansetning og etablering av sosiale møtestader.

Religiøse organisasjonar, lokalpolitikk og offentlege feiringar var viktige kontaktpunkt i alle lokalsamfunna, men dei spelte forskjellige roller i dei ulike byane. I dei relativt homogene småbyane Stoughton og Marshfield fungerte etniske institusjonar ofte som sosiale knutepunkt for heile lokalsamfunnet. Slik var det ikkje i Whitewater, som hadde ein meir etnisk samansett befolkning. Her var etniske institusjonar ofte meir avgrensa til spesifikke grupper, noko som skapte ein meir konkurranseprega sosial dynamikk. Dette førte til at etniske identitetar fekk ulike funksjonar i dei ulike lokalsamfunna, og kontakten på tvers av etniske grenser vart òg prega av desse lokale dynamikkane. Avhandlinga viser slik korleis lokale forhold, utover berre folketal, kan bidra til å forme etniske identitetar.

Personalia

Trond Espen T. Bjoland har master i historie frå Universitetet i Bergen. Han har også praktisk-pedagogisk utdanning, samt årsstudium i administrasjon- og organisasjonsvitskap. Frå 2020 til 2024 var han tilsett som stipendiat ved Universitetet i Bergen. Christhard Hoffmann og Dag Blanck har vore rettleiarar for doktorgradsprosjektet. Frå hausten 2024 arbeider Bjoland ved Norsk vegmuseum.