Home
The Grieg Academy – Department of Music

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Samspelveke på Griegakademiet

Veke 44 står merka som samspelveke på Griegakademiet - Institutt for musikk. Ved å samle mykje av sluttarbeidet i ensembleaktivitetane til ei intensiv veke kvart semester har ein greidd å skape ei veke med eit stort antall konsertar.

Main content

Det er eit mangfaldeg utval av musikk som vert bydd fram i Gunnar Sævigs Sal, frå jazz til klassisk, tidleg og ny musikk. Ensembla består av studentar på dei utøvande programma og både bachelor- og masterstudentar speler saman.


I tre seminarprosjekt med avsluttande konsertar får studentar og lærarar møte personar som jazzinnovatøren Kjetil Møster og tidleg-musikk-utøvaren Erik Bosgraaf (Amsterdam). Vidare kan ein høyre eit variert utval av blåseensemble og sågar ei urframføring av verk skreve av Kari Sundet, student på instituttet.

Veka vert avslutta på kafé, med eit friare samansett utval av highlights frå dei tidlegare konsertane, - KammerKnøder, på Kafé Knøderen, laurdag kveld, i Nygårdsgata.

Fullstendig program:

Alle konsertane er i Gunnar Sævigs Sal.

Tirsdag 2.11 kl. 18.00: Blokkfløytistane og Erik Bosgraaf
Tirsdag 2.11 kl. 20.00: Painting Sound, jazzensemblets Soundpaintingprosjekt
Torsdag 4.11 kl. 18.00: Tidleg-musikk møter Dvorak
Torsdag 4.11 kl. 20.00: Jazzstudentane og Kjetil Møster
Fredag 5.11 kl. 19.00: Kammerlyd og ny musikk
Laurdag 6.11 kl. 17.00: Kammerlyd 2
Laurdag 6.11 kl. 18.30: KammerKnøder, Kafé Knøderen