Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Retningsliner for Forsknings- og forskarutdanningsutvalet

Retningsliner for forskings- og forskarutdanningsutvalet ved Institutt for framandspråk

Main content

Vedtekne av instituttrådet 5. februar 2020. Retningslinene gjeld frå og med hausten 2020.

1. Mandat og oppgåver

Forskings- og forskarutdanningsutvalet er eit forum for å drøfta spørsmål knytt til forsking og forskarutdanning ved Institutt for framandspråk (IF). Utvalet er eit organ for informasjonsutveksling og drøfting.

Utvalet skal:

  • koma med innspel til forskings- og forskarutdanningsmeldinga frå instituttet.
  • bli orientert om forskingstildelingane ved instituttet (støtte til forskingsføremål, publisering,  forskingsgrupper o.a.).
  • drøfta tema av felles interesser for forskingsgruppene
  • ta opp andre spørsmål som gjeld forskinga ved instituttet, t.d. spørsmål om felles forskingssatsingar, profilering av forskinga ved instituttet, publisering, internasjonalisering, forskarutdanning og forskarskular.
  • drøfta spørsmål av interesse for stipendiatane og forskarutdanninga ved instituttet

 

2. Representasjon

Utvalet blir leia av forskingsleiaren ved instituttet, og forskarutdanningskonsulenten er sekretær. Leiaren har røysterett i møtet, sekretæren ikkje.

I tillegg sit desse i FFU:

  • to representantar for forskargruppene
  • to representantar for språkdisiplinane
  • tre representantar for litteratur- og kulturdisiplinane
  • ein representant for fagdidaktikkdisiplinane
  • to representantar frå gruppe B, av desse minst ein doktorgradsstipendiat

Medlemane av FFU blir peikte ut av instituttleiar.

Funksjonstida medlemane følgjer funksjonstida for medlemane frå gruppe A i instituttrådet, bortsett frå dei to representantane for gruppe B, som sit for eitt år.


3. Saksbehandling og møtepraksis

Møta i FFU er opne. Forskingsleiar ved Institutt for framandspråk er leiar av rådet og legg fram sakene. Innkalling skal sendast ut minst tre dagar før møtet. Sakspapir kan ettersendast eller leggjast fram i møtet om nødvendig. Rutinane for saksbehandling, møteleiing, referat m.m. følgjer dei normalreglane som universitetstyret har fastsett.

Møtet er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemane er til stades og røystar. Ved likt stemmetal, avgjer forskingsleiar med dobbeltrøyst.