Home
Faculty of Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Prinsippa for erstatningsutmåling ved utvalte personverns- og immaterialrettskrenkingar: Ein komparativ studie

Postdoktor Bjørnar Borvik

Main content

Erstatningssutmålinga i saker om personvernskrenkingar bygger på høgst usikre prinsipp, noko som tilseier at det er behov for ei meir heilskapleg gjennomtenking og framstilling av dei prinsippa som styrer erstatningsutmålinga i slike saker. Desse prinsippa har fram til no heller ikkje vore gjenstand for grundigare analyser i norsk juridisk teori.

Lovreglane som styrer erstatningsumålinga i desse sakene er nokså vidt formulert. Skl. § 3-6 gjev den krenka eit rettskrav på erstatning for lidt skade og tap i framtidig erverv. I tillegg kan det tilkjennast oppreisingserstatning for skade av ikkje-økonomisk art. Heller ikkje åvl. § 55 første ledd seier noko meir enn at den som får retten til eige bilde krenka, kan tilkjennast oppreisingserstatning. Til forskjell frå skl. § 3-6, inneheld også åvl. § 55 andre ledd ein uttrykkeleg heimel for å tilkjenne den fornærma nettofortenesten ved den ulovlege handlinga.

Høgsterett har i liten grad klargjort prinsippa for erstatningsutmålinga i slike saker. Dommen frå Høgsterett i Rt. 2009 s. 265 (Memo) synleggjer etter mitt syn behovet for ei gjennomtenking av korleis erstatningsutmålinga skal grunngjevast. Oslo tingrett kom i dom av 31. august 2007 til at bildebruken innebar ei rettsstridig ærekrenking, og tilkjente 100.000 kroner i oppreisingserstatning. Erstatningssummen vart utmålt med grunnlag i skl. § 3-6. Ein samrøystes Høgsterett kom derimot til at bildebruken var ei krenking av åvl. § 45 c, og tilkjente ei oppreisingserstatning med heimel i åvl. § 55 med 100.000 kroner. Høgsterett la utan vidare til grunn det erstatningsbeløpet som Oslo tingrett hadde kome fram til. Etter mitt syn er det problematisk at Høgsterett bygde på tingrettsdommen utan å drøfte korvidt det burde ha konsekvensar for erstatningsutmålinga at det vart lagt til grunn ein anna regel for erstatningsutmålinga. Som allereie nemnt ovanfor, inneheld åvl. § 55 i andre ledd ei eksplisitt regulering av retten til å få utbetalt nettofortenesta av den rettsstridige bildebruken, medan erstatningsregelen i skl. § 3-6 – i alle fall tilsynelatande – ikkje gjev rom for ein slik erstatningspost.

Tidsdimensjonen blir også aktualisert ved erstatningsutmålinga i slike saker. Eg nemner som eksempel at dersom det blir lagt ut bilder eller anna personinformasjon på internett, kan ein sjå det slik at kvar enkelt nedlasting av slik informasjon inneber ei ny krenking av privatlivet. Det same gjeld ærekrenkande tekstar som er tilgjengeleggjort på internett.

Eit spørsmål for seg er om vinningsavståing bør vere eit utgangspunkt for fastsettinga av oppreisingserstatninga i saker om krenkingar av skl. § 3-6. Dette er nemnt av norske domstolar ved fleire høve, men spørsmålet er ikkje avklart.

Som tittelen på prosjektet indikerer, ønskjer eg også å inkludere ei framstilling av prinsippa for erstatningsutmåling ved utvalte immaterialrettskrenkingar. Også her kan det vere uvisst korleis erstatningssummane skal fastsettast.

Profilside for Bjørnar Borvik