Home
Department of Social Anthropology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Bygdeutviklingas paradoks utforska i ny bok

Med utgangspunkt i ein av Norske roms konferansar kjem no artikkelsamlinga «Bygdeutviklingas paradoks», redigert av Mary Bente Bringslid, og med eit grundig etterord av Tord Larsen, NTNU.

Main content

For mange norske bygder er framtida eit spørsmål om utvikling eller avvikling. Staten stør talrike bygdeutviklingsprosjekt for å stimulere næringsverksemd og «bulyst», med utgangspunkt i alt frå museum og landskapsvern til spa-verksemd og gammal matkultur. Dette inneber jakt på lokal eigenart og strev for å bli synleg i ein marknad for «lokal sjarm».

Denne boka viser fram mangfaldet i norske bygdesamfunn, frå skogsbygder i Nord-Sverige eller i Østerdalen til kystbygder langs Helgelandskysten eller på Vestlandet, og rettar eit kritisk lys mot nokre av premissa for bygdeutvikling. Boka diskuterer dei paradoksa bygdeutviklinga lett havnar i: Iscenesetjinga av det lokale med tanke på å bli sett utanfrå, tærer på den autentisiteten som blir etterspurt.

Utgjevar: Scandinavian Academic Press

For meir informasjon om boka, sjå utgjevaren sine nettsider her.