Home
Department of Geography

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Masterstudentar på sju fjell

Eit nytt masteremne vart denne hausten lansert på Institutt for geografi. Det heiter GEO007 Walk a Fjell.

Glade geografistudentar på tur.
Glade geografistudentar på tur.

Main content

- Dette er eit heilt spesielt og nytt kurs. De får absolutt ingen studiepoeng, innleiar masteransvarleg på Institutt for geografi, Arnt Fløysand, på orienteringsmøtet for nye masterstudentar.

 

Undervisningsform og læringsutbyte

Undervisninga skjer sju torsdagar, på sju fjell med sju ulike turleiarar. Om studentane ikkje får studiepoeng er læringsutbyte godt definert. Viktige delar av dette er å bli kjent med byfjella, medstudentane og delar av staben på Institutt for geografi.

- Først og fremst har NOKUT sine ulike dokumentasjonskrav vore til inspirasjon, men også det faktum at eg er ein gamal Fjeldagutt har påvirka, sier Arnt Fløysand om korleis han kom på denne ideen.

Han var sjølv turleiar for første fjell ut. Rundt 25 masterstudentar var med på Sandviksfjellet i strålande sol.

 

Godt initiativ

Marcus Holje var ein av dei nye masterstudentane som var med på turen til Sandviksfjellet. Han opplevde det som ein fin tur med ein god og uformell tone mellom dei som var med.

- Det er lettare å bli kjent med folk når ein går på tur, enn i dei korte pausane mellom forelesning. Det er viktig å bli kjent med medstudentar på tvers av linjer og interesser, så eg syns dette er eit veldig godt initiativ, seier Marcus Holje.

 

Turplan

  • 23. august: Sandviksfjellet med professor Arnt Fløysand
  • 30. august: Lyderhorn med professor Svein Olaf Dahl
  • 6. september: Ulriken med professor emeritus Arild Holt-Jensen
  • 12. september: Løvstakken med stipendia Henrik Løseth Jansen
  • 20. september: Fløyen med professor Ole Reidar Vetaas
  • 26. september: Rundemanen med masterstudent Marcus Holje
  • 3. oktober: Damsgårdsfjellet med masterstudent