Utveksling utanfor Europa
Utanfor Erasmus/Nordplus skjer utvekslinga gjennom bilaterale avtalar, det vil seie samarbeidsavtalar som er inngått direkte mellom UiB og eit anna universitet. Her finn du ei oversikt over UiB sine utvekslingsavtalar.
Main content
Dei fleste av UiB sine bilaterale avtalar er allmenne og dekkjer dei fleste fagområde (ofte med unntak av profesjonsstudium), medan nokre er avgrensa til enkelte fagfelt.
Dei fleste universiteta har undervisning på engelsk. Andre stader må ein følgje vanlege førelesingar på språket som blir brukt i landet.
Kvifor reise ut gjennom bilaterale avtalar?
- Vi har valt ut gode universitet for å gi deg eit tilbod som passar bra til ditt studium.
- Vi hjelper deg med heile søknadsprosessen og held deg orientert.
- I dei fleste tilfelle har vi ordna fritak for krav om språktest.
- Nokre avtalar har fritak for studieavgifter, medan andre har reduserte satsar.
Få ei oversikt over utvekslingsavtalane du kan reise ut gjennom
31.08.2015