Hugs at du skal levere politiattest
Dersom du har fått opptak til 5-årig lektorudanning eller ettårig PPU må du levere politiattest når du starter på studiet.
Main content
Bakgrunn for krav om politiattest
Kravet om politiattest i samband med opptak til studiet gjeld alle lærerutdanningar, i samsvar med universitets- og høgskoleloven § 4-9, forskrift om opptak til høgare utdanning § 6-1 og politiregisterloven § 39.
Det skal komme frem av politiattesten om ein er sikta, tiltalt eller domfelt for brot på straffelova.
Straffbare forhold som vil dukke opp på politiattesten:
- Narkotikabortsverk
- Seksualbrotsverk
- Ran
- Familievold og fridomskrenking i familierelasjonar
- Menneskehandel
- Kroppskrenkelse
- Grov kroppsskade
- Drap
Studentar med merknad på politiattest
Studentar som har merknad på politiattest må sende inn politiattesten seinast tre veker etter at dei har fått tilbod om studieplass. Ta kontakt med oss på lektorpraksis@uib.no for å få ei sikker oppkopling for å sende attesten.
Dispensasjoner
Det blir ikkje gitt dispensasjon eller utsetjing av kravet om politiattest. Universitetet i Bergen har ei forplikting ovanfor elevane som studentane kjem i kontakt med i løpet av studiet. Studentar som ikkje leverer godkjend politiattest har ikkje rett til å delta i praksisopplæring, og kan derfor heller ikkje halde fram på studiet.
Spørsmål?
Spørsmål om politiattest kan rettast til fakultetet ditt.
HF: lektor@hf.uib.no
MN: studieveileder.laerer@mnfa.uib.no
SV: studieveileder.sos@uib.no