Home
Environmental toxicology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Ole Jakob Nøstbakken

Ligandinduserte protein-protein interaksjonar mellom Aryl hydrokarbon reseptor (Ahr) og Aryl hydrokarbon reseptor nuclear translocator (Arnt), frå laks (Salmo salar)

Main content

Dioksin er ei gruppe plane aromatiske sambindingar med høg affinitet for aryl hydrokarbon reseptor (Ahr), ein ligandaktivert cytosolisk reseptor ein finn i alle vertebratar. Den dioksinaktiverte Ahr heterodimeriserar med aryl hydrokarbon reseptor nuclear translocator (Arnt), og dette komplekset induserar transkripsjon av spesifikke genar til dømes cytokrom P450 1A (CYP1A) gjennom binding til spesifikke DNA element. Målet av dette studiet har vore å betre forstå funksjonen av dette systemet i atlantisk laks (Salmo salar), sidan fisk generelt, og laksefisk spesielt er særskilt sensitive for dioksin toksisitet.

Lokalisering av rekombinant GFP-kopla Ahr frå laks, og DsRed-kopla Arnt frå laks vart studerte i COS-7 celler under eksponering for 2,3,7,8-tetrachlorodibenzo-p-dioxin (TCDD), β-naftoflavon (BNF) og 6-Formylindolo[3,2-b]carbazole (FICZ). Her vart observert translokalisering av GFP-kopla Ahr inn i cellekjerne av COS-7 cellene under eksponering av alle ligandar. I tillegg var det indikasjonar på Ahr-uavhengig toksisitet av TCDD på COS-7 cellene ved eksponerings konsentrasjonar på 10nM og 5nM.

Ein klon av Arnt frå laks vart transfektert inn i S2 Drosophila cellesystem for stabil ekspresjon, og Arnt vart så reinsa frå cellelysat ved nytte av magnetiske kuler. Reinsa Arnt vart nytta i eit bindingsassay in vitro med lakselevercytosol som Ahr kjelde, under eksponering for BNF og TCDD. Dette bindingsassayet gav indikasjonar på ligandavhengige interaksjonar mellom Ahr og Arnt in vitro.

 

---

Oppgåva vart levert i juni 2007