Home
Environmental toxicology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Marta Eide

Kjernereseptorar i sebrafisklever som mål for hormonforstyrrande stoff

Main content

Vi er i dag omgjeven av eit mangfald av syntetiske kjemikaliar, der mange av dei fins i oss menneske i målbare mengder. Fleire av desse er funnen å ha hormonforstyrrande effekt, og kan dermed, ved å påverke eit av kroppens viktigaste signalsystem, medføre alvorlege konsekvensar. Eit av måla for hormonforstyrrande stoff er kjernereseptorar. Kjernereseptorane er ligand-aktiverte transkripsjonsfaktorar som regulerer uttrykking av gen sentrale i mange prosessar i kroppen, som utvikling, homeostase og metabolisme. Mange av kjernereseptorane i lever har viktige oppgåver i regulering av biotransformasjonen av framandstoff, så vel som nedbryting av endogene stoff og næring. Ein av desse reseptorane er steroid og xenobiotika reseptor (SXR), og kalla pregnan X reseptor, som blant anna regulerer uttrykking av gen som bidreg i nedbrytinga av rundt 50% av alle legemiddel.

Ved å konstruere eit plasmid som uttrykkje Sxr frå sebrafisk med EGFP-vedheng ynskja vi å studere om den cellulære lokaliseringa var påverka av ligandbinding, slik som før er studert for SXR i menneske og mus. Plasmidet vart transfektert inn i COS-7 celler, og syntes då vere lokalisert både i kjernen og i cytoplasma, uavhengig av ligandbinding. Dette er eit godt utgangspunkt for vidare lokaliseringsforsøk i meir passande celler.

Vidare vart primære hepatocyttar isolert frå sebrafisk og eksponert for cAMP-avhengig protein kinase (Pka)-regulatorar for å studere om Sxr, som synt for SXR i menneske, vert regulert av denne intracellulære signalvegen. Nivå av det føreslåtte målgenet for Sxr, cyp3c1, vart målt med Q-PCR, og synte ein svak trend til nedregulering etter behandling med Pka-antagonist. Primære hepatocyttar vart også eksponert for tre potensielt hormonforstyrrande stoff, bisfenol A, tributyltinn og ketokonazol, men dei resulterande effektane i ulike gen var vanskelege å tyde grunna variasjonar mellom repetisjonane. Til sist vart hepatocyttar eksponert for Ahr-agonisten 6-formylindolo[3,2-b]karbazole (FICZ), som synte ein viss kryssregulering mellom Ahr og kjernereseptorar, lik som før sett i mus og menneske.


Hovudarbeidet i oppgåva bestod av karakteriseringa av ei cellelinje frå sebrafisklever kalla ZF-L, for å finne ut om den kan brukast i studiar av kjernereseptorar. Ved å behandle ZF-L cellelinja og primære hepatocyttar med ligandar kjende for ulike reseptorar og analysere genuttrykking med Q-PCR, vart både basalnivå av uttrykte reseptorar og deira målgen målt, samt effekten av dei ulike ligandane. Resultata tilseier at dei fleste gena kontrollert vart uttrykt også i ZF-L celler, men ved svært låge nivå, noko som tilseier at ZF-L celler ikkje er ein eigna modell for toksisitetsstudiar.