Home
Environmental toxicology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Karen Anita Aa

Effektar av produsert vatn på Atlantisk torsk (Gadus morhua L.), biomarkørstudiar ved hjelp av proteomikkbaserte og immunkjemiske metodar

Main content

Eksponering av organismer med miljøgifter kan føre til endringar i proteinuttrykkinga. Slike responsar kan undersøkjast med for eksempel immunkjemiske metodar som westernblott og ELISA, der ein nyttar antistoff mot biomarkørprotein og undersøkjer nivået av desse i kontroll og eksponert gruppe. Det kan og nyttast proteomstudiar der ein kan nytte metodar som to-dimensjonal gelelektroforese for å separere protein og undersøke det generelle proteinmønsteret og endringar i dette som følge av eksponering. På denne måten kan også nye mogelege biomarkørkandidatar oppdagast.
Det har blitt auka fokus på utslepp av produsert vatn frå olje og gass-installasjonar og langtids-effekt dette utsleppet har på marine organismar. Produsert vatn inneheld mange ulike miljøgifter, mellom anna PAH-forbindelsar, alkylerte fenolar og metall. Denne oppgåva har fokusert på langtidseffekt på yngel av atlantisk torsk (Gadus morhua L.), eksponert for produsert vatn i konsentrasjonane 0,01 %, 0,1 % og 1 %, i tillegg til 10 μg/l E2 som positiv kontroll for østrogen effekt. Prøvematerialet som er nytta i denne studien er leverprøver.
Dei immunkjemiske analysane viste at cytokrom P450-enzymet CYP1A vart oppregulert i den høgaste eksponeringa på 1 %, men at ein ikkje såg tydelige endringar i dei andre eksponeringane av produsert vatn. Undersøkingane av Vtg-nivået viste og signifikant auke etter eksponering for 1 % produsert vatn, og dette viser at produsert vatn kan både ha ein CYP1A-induserande og hormonforstyrrande effekt.
Det vart nytta to-dimensjonal gelelektroforese for å analysere samleprøver av dei eksponerte prøvene. Biletanalyse av desse viste små endringar i prøver eksponert for 0,01 % og 0,1 % produsert vatn, medan endringane var betydleg større i prøve eksponert for 1,0 % produsert vatn og 10 μg/l E2. Det vart identifisert om lag 250 differensielt regulerte protein i prøver eksponert for produsert vatn i høve til kontroll (samla), og om lag 200 differensielt regulerte protein i prøve eksponert for E2 i høve til kontroll. For å seie noko sikkert om endringane må det analyserast individprøver, slik at ein får kartlagt individvariasjon. Protein vart isolert frå gelane og identifisert ved bruk av massespektrometriske metodar og søk i databaser, og det vart identifisert tilsaman 16 protein. Ni av desse er differensielt regulerte protein i fylgje biletanalysen, og blir vurdert som mulige biomarkør-kandidatar.

---

Oppgåve i molekylærbiologi til graden Master i molekylærbiologi, januar 2007

Finn oppgåva på realfagsbiblioteket