Home
Theoretical Ecology Group

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Ekspertvitne mot kreasjonisme vitjar UiB

Kevin Padian, eit av dei mest sentrale vitnene i rettsaken om undervisning i evolusjon og kreasjonisme i USA, vitjar UiB. Du kan møte han på Sjøfartsmuseet klokka 19 torsdag 19 november.

Main content

Professor ved Universitetet i California, Berkeley, besøker UiB. Han er kanskje mest kjent for rolla som ekspertvitne i rettsaken om undervisning av evolusjonslære og kreasjonisme i USA (Kitzmiller versus Dover), der han måtte bruke retten sine prinsipp for å bevise at evolusjon er eit faktum og verdt å undervise i skulen. 

Som forskar er han mest kjent for sine studier av korleis dinosaurar begynte å fly og etter kvart utvikla seg til fuglar. Han er også opptatt av vitskapsfilosofi - og spesielt opplæring i evolusjonsteori - frå skuleverket og gjennom universitetsutdanninga. Og han er opptatt av Charles Darwin.

'Origin of Species er mi favorittbok. Den er fin å bruke som lærebok - fordi dei fleste ikkje-molekylære konseptene i moderne biologi har sitt opphav her. Studentene tenner på boka, men overraskande mange biologar har ikkje lest Origin', seier han i eit intervju med Current Biology.

Kevin Padian er ein dyktig formidlar, og har mottatt Carl Sagan prisen for popularisering av vitskap. I kveld kan du høre han foredra om arven etter Darwin, på Sjøfartsmuseet klokka 19.