Home
Theoretical Ecology Group

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Daniel Dennett i Bergen

Filosofen Daniel Dennett kjem til Bergen i helga. Han stiller spørsmålet "Korfor?" - og vil gjerne bygge ei Darwin-bru mellom humaniora og naturvitskap.

Main content

Laurdag kveld vil filosofen Daniel Dennett halde foredrag i Egget på Studentsenteret - med tittelen 'Evolution of Why?'. I eit intervju i Morgenbladet uttaler han at mennesket er den einaste arten som kan stille spørsmålet 'korfor?', og at det speler ein avgjerande rolle i våre liv og for måten vi forstår verden på.

Dennett tar for seg store tema som religion, fri vilje, bevissthet og evolusjon - og skriv ei bok om kvart {#0B}av dei, til dømes Breaking the Spell, Freedom Evolves, og Darwin's Dangerous Idea. {#0B}Vitskapsjournalist Bjørn Vassnes, som også har skrive fleire bøker om evolusjon, religion og fornuften, vil introdusere Dennett.

Arrangementet inngår i feiringa av Darwin-året 2009 ved UiB.