Home
Research Group in Social Pharmacy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Generica-prisen 2011 til Kjersti Bakken

Kjersti Bakken var ein sjølvsagt kandidat til å motta Generica-prisen 2011. Med si lange erfaring frå og store engasjement for farmasi-feltet, har ho vore og er framleis ein ressurs for både kollegaer og studentar ved farmasiutdanninga i Bergen.

Main content

Generica er foreininga for farmasistudentar i Bergen. Annakvart år deler dei ut Generica-prisen - ein gravert steinmorter. Kriteria for å vinne prisen er følgjande:

Formålet med prisen er å hedre fremragende innsats for farmasistudiet og/eller farmasistudentene ved Universitetet i Bergen. Innsatsen skal gå ut over oppgaver og/eller verv vedkommende er forventet å utføre tilknyttet sin stilling/ sitt verv. Vedkommende skal vise sterkt og tydelig engasjement, ha styrket farmasistudiet ved å tilføre økt faglig kvalitet og/eller gjort ekstraordinære tiltak for det sosiale miljøet ved farmasistudiet i Bergen.

Kjersti har i ei årrekkje jobba for å byggje opp å styrkje undervisninga i samfunnsfarmasi ved Senter for farmasi. Ho gir dei ferske farmasistudentane ei innføring i profesjonen allereie frå første studiedag. Ho underviser i sitt eige fag, samfunnsfarmasi, både i Bergen og ved University of East Anglia, kor studentane tilbringer 7. semester. Dette gjer ho med høg fagleg integritet, stort profesjonsmessig engasjement, og med eit stort hjarte for framtidas farmasøytar.

Kjersti var òg pådrivar, forfattar og medredaktør for den første norske læreboka i samfunnsfarmasi, som kom ut på Fagbokforlaget i 2010. Boka er allereie pensum ved alle farmasiutdanningane på bachelor- og masternivå i Noreg, samt ved masterstudiet i klinisk farmasi og ved kurs for utanlandske farmasøytar som søkjer autorisasjon i Noreg. Læreboka bidrar til auka fagleg kvalitet på undervisninga i samfunnsfarmasi, ikkje berre her i Bergen, men for alle farmasistudentar i Noreg.

No er det dessverre siste semesteret vi får lov til å behalde Kjersti hjå oss i Bergen. Framover vil ho bruke sin farmasøytiske kompetanse i meir fri yrkesutøving, kor ho nok ser fram til færre reisedøgn. For farmasistudentane ved Senter for farmasi vil dette bli eit stort tap, men engasjementet hennar for samfunnsfarmasi, og for farmasifaget som heilskap, har sett nokre spor som òg framtidas farmasistudentar vil nyte godt av.

Vi er stolte av deg, Kjersti, og gratulerer så mykje!

Tidlegare mottakarar av Generica-prisen:

2009: Emneansvarleg for BIOBAS-faga for farmasistudentar, Anni Vedeler.

2007: Leiar av programstyret for farmasi, Leif Sætre

2005: Fagleg koordinator på Senter for farmasi, Svein Haavik.