Home
Faculty of Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Toårig masterprogram i rettsvitskap

Studentar med bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå HiI, UiA eller UiS, kan søke opptak til toårig masterprogram i rettsvitskap.

Main content

Grunnlaget for opptak til det toårige masterprogrammet i rettsvitskap som blei oppretta i 2014 er ein bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger, totalt 180 studiepoeng. Faginnhaldet i bachelorgraden må oppfylle krav til godskriving i dei tre første studieåra i femårig integrert masterprogram i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Studiet er på tilsaman 120 studiepoeng (to årseiningar). I dette inngår eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 studiepoeng.

Studiet byggjer på problembasert læring. På andre studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet. Informasjon om korleis du søker på masterprogrammet finn du på UiBs opptakssider for toårige masterprogram.