Masterstudentar til fjells
Første fjell er fullført i masterkurset GEO007 Walk a Fjell. Professor Arnt Fløysand tok nye masterstudentar med på Sandsviksfjellet.
Main content
Kurset som starta opp i fjor haust har ingen obligatoriske arbeidskrav, ingen eksamen og gir ingen studiepoeng. Til gjengjeld får studentane studert Bergen frå alle sju fjell saman med ulike turleiarar frå staben på Institutt for geografi. Dette er også ein fin måte å bli kjent med medstudentar og fagansvarlege på.
- Som masterstudent er det viktig å ha styrke. Dette er ei god investering for dei vidare mastestudiane. Det går veldig bra med dei som deltok på fjellturane i fjor, seier masteransvarleg og inititativtakar til Walk a Fjell, Arnt Fløysand.
Program
Kurset går dei sju første torsdagane i semesteret.
Torsdag 21. august: Sandviksfjellet med professor Arnt Fløysand
Torsdag 28. august: Ulriken med professor emeritus Arild Holt-Jensen
Torsdag 4. september: Lyderhorn
Torsdag 11. september: Løvstakken med PhD-student Henrik Løseth Jansen
Torsdag 18. september: Fløien med PhD-student Tarje Iversen Wanvik
Torsdag 25. september: Rundemanen
Torsdag 2. oktober: Damsgårdsfjellet
Bli med!
Sjå fleire bilder på Facebook-sida til Institutt for geografi