Home
Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion
religionsvitenskap

Jobbar for kvinners rettar

Ingrid Rosland studerte religionsvitskap og fekk jobb som prosjektleiar for eit av Raftostiftelsen sine oppfølgingsprosjekt, Kvinnenettverket.

Main content

Jobben min inneber ein del reising. Den siste store reisa gjekk til Amman, Jordan.

Ingrid Rosland er prosjektleiar for eit av Raftostiftelsen sine oppfølgingsprosjekt, Kvinnenettverket.

Kvinnenettverket er initiert av tidlegare Raftopris-mottakarar, som Shirin Ebadi og Rebiya Kadeer, og jobbar for å fremje kvinner sine rettar i muslimske samfunn.

– Jobben min består av å leie Kvinnenettverket og gjennomføre ulike aktivitetar som årlege workshopar. Eg jobbar også med å oppretthalde eit stort nettverk med kvinner frå muslimske samfunn.

Nokre av arbeidsoppgåvene hennar går ut på å koordinere Kvinnenettverket sine aktivitetar, som å planlegge, koordinere og administrere årlege workshopar.

– Andre sentrale arbeidsoppgåver er å byggje nettverk, kartlegge moglege deltakarar og gjennomføre anbodsprosesser. Det er også viktig at eg held meg fagleg oppdatert, fortel ho.

Reiser med jobben

Jobben i Raftostiftelsen inneber ein del reising.

– Den siste store reisa gjekk til Amman, Jordan, kor vi gjennomførte ein workshop som blant anna inneheldt treningskurs for syriske kvinnelege aktivistar.

– Utdanninga eg har er veldig relevant for jobben min. Eg har ein bachelor i religionsvitskap med spesialisering i islam, og 90 studiepoeng i arabisk. Etterpå tok eg ein master innen religionsvitenskap. 

Som prosjektleiar for Kvinnenettverket må Ingrid halde seg fagleg oppdatert og ha god kunnskap om landskapet dei navigerer i.

– Språkkunnskapane mine er med på å legitimere mi rolle som prosjektleiar for eit nettverk kor mange av deltakarane er arabiskspråklege.