God auke i søkjartalet til Sampol
Ved søknadsfristen for Samordna opptak i år har heile 16 prosent fleire valt bachelorgraden i samanliknande politikk som førsteval enn i fjor.
Main content
- Samanliknande politikk leverer eit fagleg og sosialt godt tilbod til studentane, og dette ser vi igjen i høge søkjartal gjennom Samordna opptak. Vi jobbar kontinuerleg med å heve kvaliteten i studieprogramma våre både gjennom studentevalueringar, stadig oppdatering av undervisningsopplegg og justeringar i emneportefølje, seier viseinstituttstyrar Jan Oskar Engene om dei gode søkjartala.
Engene trekk òg fram at instituttet legg vekt på å motivere studentar til å reise på utveksling for å ta deler av studiet i utlandet, samt at instituttet tilbyr praksis i samanliknande politikk ute hjå arbeidsgjevarar.
Heile 143 personar har bachelorløpet i samanliknande politikk som førsteval i år, mot 123 i fjor. Dette utgjer ei auke på 16,3 prosent.
- Kanskje ser vi i tillegg ein Aarebrot-effekt i år, seier viseinstituttstyrar Engene om den svært profilerte Sampol-professoren som i haust og vår har vore heftig omtalt under emneknaggen #NRKFrank på Twitter, etter sendingane «200 år på 200 minutt» og «Krig på 200 minutt» på NRK.
Universitetet i Bergen opplever ei samla auke i søkjartalet på 4,8 prosent frå i fjor.