Prosjekter
Prosjektene knyttet til forskergruppa spenner fra store, eksternfinansierte prosjekter til mastergradsprosjekter, og fra prosjekter der flere personer samarbeider til individuelt drevne prosjekter. Nedenfor finner du lenker til de viktigste av disse prosjektene.
Main content
Større samarbeidsprosjekter
Dialektendringsprosessar (Finansiert av Norges forskningsråd 2008-2011)
Språkutvikling på industristader (Finansiert av Norges forskningsråd 2010-2013)
Language Infrastructure made Accessible (Ledet av Universitetet i Oslo, finansiert av Norges forskningsråd 2014-2019)
Doktorgradsprosjekter i arbeid
(Avlagte doktorgrader finner du under Publikasjoner)
Helene Hildremyr: Talemålsutvikling på industristadene Odda og Tyssedal dei siste hundre åra
Individuelle prosjekter
Ragnhild Lie Anderson: I kva retning går talemålet i Sogndal, og korleis forklara viktige drivkrefter?
Ny empiri samla inn i 2016 (ungdomskull) og 2017 (panel)
I tillegg eit fagdidaktiske prosjekt:
Tilrettelegging av talemålsdata til bruk i skulefaget norsk (ferdig database 2019: https://dialektbase-sogndal.uib.no/)
Edit Bugge: Språk og språkmiljø i ein multikulturell barnehage
Magnhild Selås (prosjektansvarleg), Ann-Kristin Helland Gujord og Edit Bugge (Universitetet i Bergen), Dagmar Cejka og Randi Neteland (Høgskulen i Bergen)
Prosjektet undersøker språk og kommunikasjon i barnehagar. Ønsket er å sjå i kva grad språklege ferdigheitar, vurdert gjennom foreldrerapportering, kartlegging i barnehagen, testing og opptak, samsvarer med kommunikative ferdigheitar i samspel barn i mellom og mellom barn og vaksne. Første steg i studien er å beskrive det språklege miljøet og språkbruken hos barna i ein fleirspråkleg barnehage i Bergen, før og etter eit kommunalt vedtak om restriksjon på talet fleirspråklege barn er sett i verk. Seinare vil vi kartlegge ein barnehage som ligg på landsgjennomsnittet i andel fleirspråklege barn. Prosjektet har fleire siktemål: I tillegg til å skaffe ny kunnskap om språktileigning i ulike språkmiljø vil vi også diskutere kva for ulike typar innsikter ein får gjennom ulike metodiske tilnærmingar til språkkartlegging i barnehagen, og kva for omsyn ein må ta når ein vil undersøke språk i moderne barnehagar.
Edit Bugge: Endringar i færøyske dialektar gjennom to generasjonar: Korleis, kor fort og kvifor?
Jógvan í Lon Jacobsen (prosjektansvarleg), Hjalmar P. Petersen og Eivind Weyhe (Føroyamálsdeildin, Fróðskaparsetur Føroya), Helge Sandøy og Edit Bugge, (Universitetet i Bergen)
Hovudmålet for dette prosjektet er å utvikle innsikt i moderne færøyske dialektendringsprosessar og forholdet mellom samfunnsendring og språkendring. Prosjektet studerer endringar i språk og samfunn gjennom djupstudiar i sju språksamfunn. Tidsramma for datagrunnlaget er 1955–2016.
Delmåla for prosjektet er:
- å samle, digitalisere og transkribere opptak frå eldre dialektstudiar på Færøyane.
- å samle inn nytt materiale frå sju lokalsamfunn, som vi òg har eldre opptak frå. Dette nye materialet er tredelt, med tre typar gjensidig uavhengige språklege datasett til bruk for analysen av sju færøyske språksamfunn: a) språkbruksdata - innsamla ved lydopptak, b) folkelingvistiske førestillingar om språk og dialektar - innsamla ved hjelp av intervju (kombinert med a) og c) holdningar til språk – underbevisste holdningar innsamla ved hjelp av masketestar, bevisste med spørjeskjema. Dei nye lydopptaka skal også digitaliserast og transkriberast.
- å lage analysar av språkendringar i verkeleg tid med tanke på endringsgrad, endringstypar, endringsretning og sosiale og samfunnsmessige vilkår for endringane.
Gjert Kristoffersen:
Helge Sandøy: Prøver af Landsmaalet – revisited. Etter godt over 150 år
Dette skal bli ei nyutgåve av dialektoversikta i denne sentrale boka av Ivar Aasen frå 1853. Sjølve dialektanalysane hans Aasen blir drøfta, og i tillegg blir dialektsituasjonen i dag på same plassane som Aasen besøkte, beskriven slik at ein skal kunne få eit presist bilde av kva som har skjedd med norsk talemål i løpet av dei generasjonane som har gått frå første norske systematiske dialektoversikta kom.
Randi Neteland: Koinéforming i nord – utvikling av industristedtalemålene i Narvik og Kiruna
Randi Neteland er ansatt som postdoktor ved LLE i nordisk språk i perioden 2019–2022. Postdoktorprosjektet har fått arbeidstittelen «Koinéforming i nord – utvikling av industristedtalemålene i Narvik og Kiruna», og er en empirisk og teoretisk studie av framveksten av nye dialekter. Narvik og Kiruna er valgt som undersøkelsessteder fordi de har svært mange fellestrekk (historisk, sosialt, økonomisk, geografisk), men også åpenbare forskjeller. Den mest sentrale forskjellen er at stedene ligger i hver sine land, noe som medfører ulik språkpolitikk, ulik distriktspolitikk, og ulike sosiale normer for språkbruk.
Målet med prosjektet er å undersøke talemålsutviklinga på de to industristedene, og å bidra til teoriutvikling i det sosiolingvistiske feltet koinéforming. Studien er designet som flere mindre delstudier som utfyller og bygger på hverandre. Det blir lagt vekt på empiriske data om talemålene og språkbruk på de to stedene, og dette danner grunnlag for ei drøfting av forholdet mellom den lokale koinéformingsprosessen på stedet og nasjonale/regionale språkbruksnormer og språkpolitiske føringer.