Home
Department of Geography
Masterprosjekt

Deglasiasjonshistorie i Vermedalen og Langfjelldalen

Erlend Sporstøl Vikestrand skriv masteroppgåve i naturgeografi om deglasiasjonshistoria i Vermedalen og Langfjelldalen, Rauma- og Norddal kommune, Møre og Romsdal. Her fortel han om masterprosjektet sitt og sine erfaringar med feltarbeid og masterprogrammet i geografi.

Main content

Det beste med å studere geografi er den store breidda i faget. Eg trur at dette, kombinert med ulike metodar ein lærer gjennom studiet, gir ei fagleg tyngde som vil vere spesiell og ettertrakta.

Masterprosjekt

Masterprosjektet mitt handlar om å rekonstruere deglasiasjonshistoria i Vermedalen og Langfjelldalen i Tafjordfjella. Desse dalføra har drenert store mengder is og vatn frå indre delar av sør-Noreg gjennom Romsdalen og Tafjordfjella mot Valldal. Spor etter store mengder smeltevatn ser ein både i Vermedalen og i Langfjelldalen. Fokuset på prosjektet er å kartlegge kvartærgeologien i dalføra, samt å utføre ulike dateringar på avsetningar for å kunne seie noko om korleis breane trakk seg tilbake på slutten av siste istid. Ut i frå eit kvartærgeologisk kart og dateringar er målet å lage modellar på korleis denne tilbaketrekkinga gjekk føre seg i ulike stadium.

Feltarbeid

Feltarbeidet blei utført over to periodar. Den første og lengste i juli/august, den andre over ei helg i midten av september. Det meste av den første perioden gjekk med til kvartærgeologisk kartlegging. Arbeidet med kartlegginga var svært spanande og lærerikt. Ettersom eg var åleine i felt, måtte eg planlegge og ta eigne avgjerdsler ute i terrenget. Den andre feltperioden var sett av til rettleiing i felt saman med rettleiar. Det blei samla inn dateringsprøvar med «Russarbor» og OSL-dateringar. I tillegg blei det samla inn data med ekkolodd for å produsere djubdekart over Langvatnet, som skiller dei to dalføra. Her skulle det også borast ei innsjøkjerne, men dette var ikkje mogleg då vasstanden var for låg til å sjøsette utstyret. Det at ikkje alt går som planlagt er også erfaringar å ta med seg vidare.

Studere geografi ved UiB

Det beste med å studere geografi er den store breidda i faget. Eg trur at dette, kombinert med ulike metodar ein lærer gjennom studiet, gir ei fagleg tyngde som vil vere spesiell og ettertrakta. Studiet gir i tillegg mange moglegheiter til å reise rundt, ikkje berre i Noreg men også ut i verda. Dette kan vere både gjennom utveksling og gjennom feltarbeid. Som naturgeograf er moglegheita til å studere ved UNIS på Svalbard ei unik oppleving som kan anbefalast på det sterkaste.

Å ta ei mastergrad i naturgeografi gir større innsikt i fag og metodar, men også utfordringar som ein kanskje ikkje har på ei bachelorgrad. Oppgåvene vert formulert i samarbeid med rettleiarar, men ein må likevel planlegge mykje av prosjektet sjølv. Terskelen for å spøre om tips og råd langs studiet er låg, både hjå rettleiar og medstudentar.

Rettleiar

Svein Olaf Dahl