Forskar på tvers av demarkasjonslinja
Skiljet mellom dei to statsvitskapane ved Universitetet i Bergen bygger på lange tradisjonar, men i vår gjer to forskargrupper på Sampol og Admorg felles sak.
Main content
Saman med Lise Rakner (Sampol), Ishtiaq Jamil (Admorg) og Steinar Askvik (Admorg) har Vegard Vibe initiert eit samarbeid mellom dei to forskargruppene Demokrati og Utvikling (Sampol) og Globalisering og Utvikling (Admorg). Dette samarbeidet går på tvers av den gamle demarkasjonslinja mellom dei to statsvitskaplege institutta ved Universitetet i Bergen, og her deler Vibe nokre erfaringar:
Kva var bakgrunnen for at de bestemte dykk for å organisere dykk i ei felle forskingsgruppe på tvers av dei to statsvitskaplege institutta i Bergen?
Utgangspunktet var at dette verka som eit artig tiltak. For oss på Sampol handla det om at vi er ei relativt lita forskargruppe og at det difor ville vere interessant å få samla litt fleire saman. Det er mange på Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap som driv med mykje som liknar det vi fokuserer på, og gjennom ei slik gruppe blir vi betre kjend og får betre innsyn i kva dei jobbar med og forskar på. Generelt veit ein gjerne for lite om kva dei driv med på naboinstituttet trass i at vi har mykje felles.
Kva for fellestrekk har du oppfatta i løpet av samarbeidet? Og kva med ulikskaper?
For det første er det eit samanfall i geografisk fokus for desse to forskingsgruppene. Begge grupper består av forskarar som er interesserte i land utanfor Vesten, som relativt nyleg har begynt utviklinga av demokratiske institusjonar og som har ein pågåande utviklingsprosess knytt til institusjonar og statsapparat. I tillegg har vi ein del tematiske fellesnemnarar, og søkjer å svare på ein del like overordna spørsmåla som gjerne er knytte til styring, legitimitet og demokrati. I tillegg er det også sjølvsagt ein del metodiske fellesnemnarar, mellom anna knytt til survey-metodar og målet om å genere originale data, som var fokus for det førre møtet vårt i mars.
Om ein skal snakke om ulikskaper er geografi ironisk nok også sentralt. Vi fokuserer på forskjellige regionar av verda: Dei tilknytte forskarane frå Admorg har til dømes større kjennskap til og fokus på Søraust-Asia enn forskarane frå Sampol. I tillegg merkar ein sjølvsagt også at dette gjeld to forskjellige greiner og tradisjonar av statsvitskapen. Vi møter andre teoretiske tilnærmingar og eit anna analytiske fokus i dette samarbeidet. For å generalisere kan ein seie at normalen i sampol er å bruke land som einingar i samanliknande analysar, medan fokuset i admorg gjerne er bestandeler innanfor landa. Likevel trur eg det er trygt å påstå at det er lettare å finne likskaper enn ulikskaper.
Kva for erfaringar har de gjort dykk når det gjeld fordeler og ulemper med samarbeid på tvers av institutta?
For det første er vi fleire enn vi var kvar for oss. Det skapar ein ny dynamikk, og det blir mykje morosamare forskargruppemøter når fleire møter og fleire kommenterer og diskuterer det som blir presentert. Jobbar ein i ei mindre gruppe kan ein i større grad føresjå kva som kjem, medan vi med dette samarbeidet får interessante kommentarar litt utanfor det vande perspektivet vårt. Dessutan blir vi betre kjende, noko som kanskje på sikt kan føre til meir felles forsking eller felles kurs. Vi ser også ein del stordriftsfordeler i det at vi potensielt kan samle saman ressursane våre for å få til ting i fellesskap, til dømes for å invitere folk hit for å halde føredrag eller kurs.